Skriftlig spørsmål fra Kari-Anne Jønnes (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:2 (2024-2025)
Innlevert: 01.10.2024
Sendt: 01.10.2024
Besvart: 04.10.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Kari-Anne Jønnes (H)

Spørsmål

Kari-Anne Jønnes (H): Kan statsråden forsikre at den nye omregningstabellen for IB elever gjenspeiler IB elevenes faktiske kunnskapsnivå?

Begrunnelse

Jeg registrerer at kunnskapsdepartementet mottatt over 500 høringssvar til den seneste høringen om Forskrift om opptak til høyere utdanning. De fleste av disse svarene uttrykker en sterk bekymring for IB programmets fremtid i Norge. Vi får samme signaler fra de skoler som tilbyr IB og som er urolige over IB sin fremtid ved norske skoler.
Elever som går International Baccalaureate har, i forhold til sine venner som går studiespesialiserende utdanningsløp, erfart å få sine karakterer devaluert et flertall ganger siden 2008. Allerede i dag stryker mellom 20 og 25 % av IB elevene som går IB på offentlig norsk skole eksamen og oppnår altså ikke generell studiekompetanse til tross for de strenge inntakskrav som gjelder på IB. Andelen IB elever som hvert år melder seg opp til ny IB eksamen utgjør cirka 25 % av elevmassen. Her er det sterke signaler på at noe ikke er riktig.
I den nye omregningstabellen fra 2025 vil IB elevene oppleve en kraftig devaluering av sine karakterer og tabellen er dessuten konstruert for å slå ekstra hardt mot de svakeste elevene. HK-dir har i denne prosessen valgt å se bort fra nasjonal statistikk om inntakspoeng, gjennomføring og forventningsindikatorer for norske IB elever. Dette er empirisk data som ville gi et nyansert bilde av IB elevenes kunnskapsnivå i forhold til medelever ved andre utdanningsprogram.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Den nye IB-tabellen er ikkje ein del av årets høyring av endringar i opptaksforskrifta, men eg har sett at fleire enkeltpersonar og andre interessentar likevel har uttala seg om denne tabellen. For at søkjarar med vitnemål/diplom frå andre skolesystem/land enn norsk vidaregåande skule skal kunne konkurrere i opptak til høgare utdanning med sine karakterar, må karakterane reknast om til norsk karakterskala (med beståtte karakterar frå 2 til 6). Ansvaret for å utarbeide slike omrekningar er lagt til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som forvaltar Samordna opptak. Forskrift om opptak til høgare utdanning (opptaksforskrifta) § 7-6 fyrste ledd gir heimel for å nytte slike tabellar i sakshandsaminga ved opptak. Kunnskapsdepartementet kan gje fullmakt til eit anna organ å fastsetje og halde ved like slike omrekningstabellar, jf. § 7-6 andre ledd. Fram til 2017 var fransk baccalauréat og International Baccalaureate (IB) ikkje ein del av denne bestemminga, men dette blei endra i ei endringsforskrift i januar 2017, slik at HK-dir no også har ansvar for desse.
HK-dir varsla om den nye tabellen for IB i 2022, og informerte om at den trer i kraft frå og med studieåret 2025-2026. Den nye tabellen er basert på offisiell karakterstatistikk frå International Baccalaureate Organization (IB). HK-dir har opplyst departementet om at dei nyttar den same statistiske/matematiske metoden for å utarbeida denne tabellen som dei gjer med alle omrekningstabellar der dei får karakterdata frå eit anna land eller system. Metoden går ut på å samanlikne karakterfordelinga i det utanlandske skulesystemet med karakterfordelinga i det norske skulesystemet. Samanlikninga er ein rein statistisk samanlikning av populasjonane. Den statistiske metoden er vurdert av Norsk Regnesentral.
Representanten hevdar at IB-elevar har opplevd ei devaluering av sine karakterar fleire gonger sidan 2008. Eg forstår det slik at representanten meiner at om ein samanliknar karakterar i IB med karakterar i norsk skule, har karakterane frå IB over tid fått lågare verdi. Eg vil understreke at dagens omrekningstabell i hovudsak har vore uendra sidan 1990-talet. Naudsynte endringar har berre blitt gjort i de høvene der IB har gjort endringar i sin måte å berekna karaktergjennomsnitt på, slik det er påført IB-diplomet (Grade Point Average).
Vidare viser representanten til at sjølv om det er strenge inntakskrav til IB-liner så stryk ein viss del av desse elevane, eller dei fullfører ikkje. Som følgje av det får dei ikkje diplom. IB er eit internasjonalt skulesystem som følgjer sitt eige system kva gjeld pensum, fagtilbod, karakterar og eksamen. Karaktersetting og sensur av eksamen går føre seg innanfor reglane til dette systemet, og klage på karakterar må også gjerast innanfor dette systemet. Eg vil også understreke at utrekninga av poeng i opptak til høgare utdanning ikkje tek omsyn til kva for ein vidaregåande skule søkjaren har gått på, eller kva slags inntakskompetanse eleven hadde då hen blei teken opp til den vidaregåande skulen.