Skriftlige spørsmål og svar

Liste over skriftlige besvarelser. Skriftlige spørsmål er en kort spørsmålsform, og er ikke gjenstand for debatt i Stortinget.

Avgrens utvalget

Finn spørsmål til skriftlig besvarelse etter

Bjørdal, Fredric Holen (41 - 60 av 101)
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kommunal- og moderniseringsministeren

    Dokument nr. 15:150 (2017-2018)

    Innlevert: 31.10.2017

    Sendt: 31.10.2017

    Besvart: 03.11.2017 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

    Kva kriterium vil statsråden leggje til grunn ved godkjenning av namn på dei nye regionane etter regionreforma, og kva synest statsråden om at to av fire vestlandsfylke no gjer krav på namnet «Vestlandet»?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til innvandrings- og integreringsministeren

    Dokument nr. 15:1611 (2016-2017)

    Innlevert: 28.09.2017

    Sendt: 28.09.2017

    Besvart: 09.10.2017 av innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug

    Kva er grunngjevinga for at regjeringa greip inn og hindra nedlegging av asylmottaket i Florø, men ikkje vil gjere det same i Sunndal?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:1320 (2016-2017)

    Innlevert: 19.06.2017

    Sendt: 19.06.2017

    Besvart: 29.06.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

    Kva for konkrete initiativ har regjeringa sett i verk for å sikre at ungdom fekk oppfylt sine garantiar i Nav i perioden 2014 til 2017?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:1095 (2016-2017)

    Innlevert: 10.05.2017

    Sendt: 11.05.2017

    Besvart: 18.05.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

    Kva for initiativ har regjeringa teke for å oppfylle ungdomsgarantiane, og kva er den månadlege, eventuelt kvartalsvise, utviklinga av måloppnåinga for garantiane sidan mai 2014?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:135 (2016-2017)

    Innlevert: 27.10.2016

    Sendt: 27.10.2016

    Besvart: 01.11.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

    Høgsterett avsa 23. juni 2016 dom mot Ålesund kommune i sak HR-2016-01366-A. Fleirtalet i Høgsterett konkluderte med at dei som i dag har hatt oppdragskontraktar som familieavlastar og støttekontaktar er å sjå på som arbeidstakarar. Dommen får konsekvensar for organiseringa av tenestetilbodet i kommunane. Aksepterer regjeringa den avklarte rettstilstanden, eller vil regjeringa no gjere endringar i regelverket?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:6 (2016-2017)

    Innlevert: 04.10.2016

    Sendt: 04.10.2016

    Besvart: 10.10.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

    Organisasjonen Jussbuss skriv i Dagbladet 4.oktober at dei har fleire klientar som er blitt utestengde frå sitt lokale Nav-kontor. Jussbuss viser til ei rekkje dømer på tvilsam eller manglande grunngjeving for slikt vedtak, og viser òg til at Sivilombodsmannen har uttala at Nav praktiserer retningslinene ulikt. Meiner statsråden at rettstryggleiken for brukarane er god nok i slike saker, og vil ho endre reglane slik at ein kan stille same sakshandsamingskrav ved vedtak om utestenging som ved andre vedtak i Nav?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kunnskapsministeren

    Dokument nr. 15:1485 (2015-2016)

    Innlevert: 25.08.2016

    Sendt: 25.08.2016

    Besvart: 02.09.2016 av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

    Lånekassen vurderer no å legge ned avdelinga i Ørsta, og sentralisere tenestene til Oslo. Ørsta-avdelinga har 22 tilsette med lang erfaring og høg kompetanse. Meiner statsråden at å legge ned ei slik avdeling er i tråd med regjeringa sin politikk for statleg lokalisering av arbeidsplassar, og vil han stoppe dette sentraliseringsforsøket frå Lånekassen?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:1406 (2015-2016)

    Innlevert: 01.08.2016

    Sendt: 01.08.2016

    Besvart: 12.08.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Kva vil regjeringa gjere for å bistå Sykkylven kommune og kaieigar med å fjerne MV Krasnoselsk, slik at vraket i framtida ikkje vil føre til tapte moglegheiter og inntekter for næringslivet i området?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:1072 (2015-2016)

    Innlevert: 10.05.2016

    Sendt: 11.05.2016

    Besvart: 13.05.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

    Statsråden uttaler til Dagens Næringsliv 10. mai 2016 at ein av grunnane til at ho vil slå saman ungdomsgarantiane i Nav er at "Nav bruker ganske mykje tid på å definere kven som høyrer til kvar." Kva dokumentasjon har statsråden for denne påstanden, og kor mykje tidsbruk og ekstraarbeid fører ungdomsgarantiane med seg knytt til kartlegging som andre arbeidssøkarar ikkje gjennomgår?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:985 (2015-2016)

    Innlevert: 26.04.2016

    Sendt: 26.04.2016

    Besvart: 04.05.2016 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

    Politidirektoratet avviser alle potensielle lokalitetar nord for Lillehammer i innstilling til plassering av senter for lønn og rekneskap i politiet, sendt på høyring 25.april. Meiner statsråden at hans direktorat med dette grepet følgjer regjeringa sin politikk om at nye og omlokaliserte statlege arbeidsplassar skal plasserast utanfor Oslo-området?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til barne- og likestillingsministeren

    Dokument nr. 15:857 (2015-2016)

    Innlevert: 06.04.2016

    Sendt: 06.04.2016

    Besvart: 12.04.2016 av barne- og likestillingsminister Solveig Horne

    I dagens krevjande arbeidsmarknadssituasjon ser vi dømer på fosterforeldre der den eine blir permittert eller arbeidsledig og får trekk i dagpengar på grunn av godtgjeringa fosterheimen mottek. Meiner statsråden at dette er rett tolking av regelverket, og vil ho ta grep for å forbetre fosterforeldre si arbeidsrettslege og sosiale stilling?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kommunal- og moderniseringsministeren

    Dokument nr. 15:806 (2015-2016)

    Innlevert: 29.03.2016

    Sendt: 30.03.2016

    Besvart: 06.04.2016 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

    Beredskapsutfordringane for Stranda og kommunane rundt er unike i norsk samanheng. Det er stor fare for at det ustabile fjellpartiet ved Åknes kjem til å rase, noko som vil få katastrofale følgjer. Ser statsråden behovet for ein ekstraordinær statleg innsats og garanti for å redusere dei økonomiske konsekvensane for særleg Stranda kommune knytt til langvarig og gjentatt evakuering, beredskap og sikringstiltak, eller meiner statsråden at kommunane må bere dette ansvaret åleine?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

    Dokument nr. 15:660 (2015-2016)

    Innlevert: 23.02.2016

    Sendt: 23.02.2016

    Besvart: 02.03.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

    Det er stort behov for rask avklaring av bypakken i Ålesund, for å kunne kome i gang med å betre samferdselsløysingane i byen. Difor er det frustrerande for lokalpolitikarane at statsråden først sette foten ned i 2015 for det opphavlege bypakkeframlegget, og no let Ålesund vente i fleire månadar på tilbakemelding på ny tverrpolitisk bypakkeløysing. Kvifor tek det så lang tid å gje ei tilbakemelding på bypakken, og når kan Ålesund forvente svar frå statsråden?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kulturministeren

    Dokument nr. 15:657 (2015-2016)

    Innlevert: 22.02.2016

    Sendt: 22.02.2016

    Besvart: 29.02.2016 av kulturminister Linda Hofstad Helleland

    Eg viser til at dåverande kulturminister Widvey fekk overlevert NOU 2014:2, Lik og likskap, 3.mars 2014. Når, og korleis, kjem regjeringa til å følgje opp denne utgreiinga om betaling for kremasjon, gravlegging og grav?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:457 (2015-2016)

    Innlevert: 20.01.2016

    Sendt: 21.01.2016

    Besvart: 29.01.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

    Arbeidstilsynet opplyser på sine nettsider 6. januar i år at den polske svartenesta ikkje blir vidareført i 2016. Dette betyr at mange arbeidsinnvandrarar no mistar ei viktig moglegheit til å få informasjon og rettleiing om HMS og arbeidsmiljøreglar. Er bakgrunnen for dette eit generelt kutt i bemanninga, skuldast det rekrutteringsutfordringar, eller har Arbeidstilsynet avgjort å prioritere andre oppgåver?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:110 (2015-2016)

    Innlevert: 26.10.2015

    Sendt: 26.10.2015

    Besvart: 03.11.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    I 2014 fekk Arbeidstilsynet ansvaret for å legge til rette for det operative samarbeidet i treparts bransjeprogram innan transport, uteliv og reinhald. Kva resultat har dette gitt for utviklinga av bransjeprogramma?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:109 (2015-2016)

    Innlevert: 26.10.2015

    Sendt: 26.10.2015

    Besvart: 03.11.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Kva konkret vil statsråden gjere for å møte utviklinga med fleire alvorlege hendingar med personskader på norsk sokkel i 1.halvår 2015, og vil statsråden ta konkrete grep for å avgrense den auka risikoen som kan følgje av fleire inn leigde arbeidstakarar og utvida høve til mellombelse tilsetjingar?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

    Dokument nr. 15:41 (2015-2016)

    Innlevert: 06.10.2015

    Sendt: 07.10.2015

    Besvart: 14.10.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

    Vald og truslar i arbeidslivet er eit aukande problem, og det er stort behov for førebyggande tiltak. Arbeidarpartiet har føreslege i Stortinget å innføre ei forskrift til arbeidsmiljølova som skal bidra til å førebyggje vald og truslar mot arbeidstakarar. Dette er støtta i merknadsform av ein samla arbeids- og sosialkomité. Vil statsråden ta initiativ til å få på plass ei slik forskrift, og kva andre tiltak vil regjeringa setje i verk for å sikre eit tryggare arbeidsmiljø for arbeidstakarar i valds- og trusselutsette yrke?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til justis- og beredskapsministeren

    Dokument nr. 15:1446 (2014-2015)

    Innlevert: 18.09.2015

    Sendt: 18.09.2015

    Besvart: 25.09.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

    Søre Sunnmøre tingrett og Sunnmøre Jordskifterett har i seinare tid vore i ein prosess med samlokalisering i Ørsta/Volda. Denne har no blitt stoppa av Domstoladministrasjonen (DA). Samstundes har DA no overraskande varsla at Søre Sunnmøre tingrett kan bli lagt ned som eit ledd i ein større strukturprosess. Er det denne prosessen som er årsaka til at samlokaliseringa i Ørsta/Volda vart stoppa, og er strukturendringa i domstolane noko departementet har bestilt, eller er det sett i gang av DA på eige initiativ?
  • Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

    Dokument nr. 15:1198 (2014-2015)

    Innlevert: 22.06.2015

    Sendt: 23.06.2015

    Besvart: 29.06.2015 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

    Det er urovekkjande at regjeringa i fleire tilfelle utelet å ta med funksjonshemma sine organisasjonar på råd i saker som angår dei. Eitt døme er då statsråden først ikkje fann plass til Norsk Forbund for Utviklingshemma i utvalet som skulle diskutere dei utviklingshemma sine levekår. Organisasjonane er heller ikkje involverte i arbeidet med ny handlingsplan for universell utforming. Ser statsråden at dette kan vere i strid med konvensjonen nemnt under, og vil ho ta grep for å sikre reell medverknad?