Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:150 (2017-2018)
Innlevert: 31.10.2017
Sendt: 31.10.2017
Besvart: 03.11.2017 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kva kriterium vil statsråden leggje til grunn ved godkjenning av namn på dei nye regionane etter regionreforma, og kva synest statsråden om at to av fire vestlandsfylke no gjer krav på namnet «Vestlandet»?

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Det er Stortinget som skal vedta namn på dei nye fylkeskommunane. Det følgjer av kommunelova § 3 nr. 4 at fylkeskommunane skal ha same namn som fylket. Namn på fylka er fastsett i lov 14. august 1918 nr. 1 om forandring av rikets inddelingsnavn (bispedømme- og fylkeslova). Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil til våren leggje fram ein lovproposisjon om endring av denne lova, med forslag til nye fylkesnamn.
Før det vert lagt fram lovforslag om nye fylkesnamn, skal fylkespolitikarane diskutere namnespørsmålet, med mål om å kome fram til et namneforslag med god lokal forankring. Dette følgjer av inndelingslova, som gir reglar for prosessen knytt til samanslåing av kommunar og fylkeskommunar. Fylkeskommunane som skal slå seg saman gjennomfører slike diskusjonar denne hausten.
Val av fylkesnamn er viktig når ein skal byggje eit nytt fylke og ein felles identitet. Dersom fylkeskommunane ønskjer eit namn som ikkje er i bruk i dag eller dersom dei er usamde, skal namnespørsmålet leggast fram for Språkrådet, som gir ein rådgjevande uttale.
I mi tilråding til Stortinget vil eg leggje stor vekt på lokale ønske, og at namnet er mest mogeleg samlande. Råd frå Språkrådet vil vere ein del av den samla vurderinga.