Interpellasjon fra Alfred Jens Bjørlo (V) til olje- og energiministeren

Interpellasjon nr. 35 (2022-2023)
Om kva regjeringa vil gjere for å auke produksjonen og bruken av biogass i Noreg og stimulere til eksport av biogassteknologi
Oversendt regjeringen: 17.03.2023
Rette vedkommende: Klima- og miljøministeren
Besvart: 20.04.2023 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Biogass er ei løysing som verkeleg kan monne i det grøne skiftet, med eit potensial i Noreg på minst 10 TWh før 2030. Auka produksjon og bruk av biogass kan kutte klimautslepp, løyse lokale miljøproblem og gi ny verdiskaping. EU, Sverige og Danmark satsar stort på biogass, medan Noreg ligg langt etter sjølv om vi har eit enormt behov for ny rein energi raskt. Biogassnæringa har i tillegg eit stort eksportpotensial.
Kva vil regjeringa gjere for å auke produksjonen og bruken av biogass i Noreg og stimulere til eksport av biogassteknologi?

Les hele debatten