Interpellasjon fra Alfred Jens Bjørlo (V) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Interpellasjon nr. 34 (2021-2022)
Om å sikre meir heilskapleg organisering av og auka tilgang til fleksibel, desentralisert høgare utdanning i Distrikts-Noreg, t.d. gjennom å bygge på innspel oversendt departementet frå Inviro AS om "Studiehub Nordfjord"
Oversendt regjeringen: 18.01.2022
Besvart: 17.02.2022 av forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa varslar i Hurdalsplattformen at ein vil følge opp tilrådingane frå Brandtzæg- og Norman-utvala, jf. NOU 2020: 12 og NOU 2020: 15 om fornying og utvikling av distriktspolitikken. Eit sentralt element i utvala sine tilrådingar er å legge til rette for meir fleksibel, desentralisert fagskule- og høgskuleutdanning for å dekke kompetansebehovet til folk, næringsliv og kommunar i distriktsregionar utan faste studiestadar. Det finst i dag ei rekke ulike studiesenter som mobiliserer til og organiserar desentraliserte utdanningstilbod, med svært variable organiserings- og finansieringsmodellar.
Korleis vil statsråden arbeide med å sikre meir heilskapleg organisering av og auka tilgang til fleksibel, desentralisert høgare utdanning i Distrikts-Noreg, til dømes gjennom å bygge på innspel oversendt departementet frå Inviro AS om "Studiehub Nordfjord" i desember 2021?

Les hele debatten