Interpellasjon fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Interpellasjon nr. 35 (2021-2022)
Om desentralisering av statlege arbeidsplassar, slik at m.a. fleire statleg tilsette kan få fridom til å ta jobben med seg ut av dei største byane utan at institusjonane vert flytta
Oversendt regjeringen: 18.01.2022
Besvart: 18.03.2022 av kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa varslar i Hurdalsplattforma at ein vil følgje opp tilrådingane frå Brandtzæg- og Norman-utvala i NOU 2020: 12 og NOU 2020: 15 om fornying av distriktspolitikken. Utvala peikar på at desentralisering av statlege arbeidsplassar for å skape ein variert arbeidsmarknad også i distriktsregionar utan tunge statlege institusjonar er eit viktig element i ein forsterka distriktspolitikk. Norman-utvalet foreslår å prøve ut fleire desentraliserte, samlokaliserte mindre einingar av statlege verksemder, etter modell av "Statens Hus"-pilotane, og Solberg-regjeringa tok initiativ til å prøve ut "flytterett til eigen jobb" for tilsette i staten.
Korleis vil regjeringa følgje opp og forsterke arbeidet med desentralisering av statlege arbeidsplassar, slik at mellom anna fleire statleg tilsette kan få fridom til å ta jobben med seg ut av dei største byane utan at sjølve institusjonane vert flytta?

Les hele debatten