Interpellasjon fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Interpellasjon nr. 27 (2021-2022)
Om at det i regjeringa si budsjetteinigheit med SV vert lagt til grunn at ein gjennom offentleg innkjøp skal bestille nullutslepp for ferje og hurtigbåtar, og at fylka skal kompenserast for dette, og korleis prosessen og kostnadsutviklinga for dette vil bli
Oversendt regjeringen: 17.12.2021
Besvart: 11.01.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Skal vi få til ei omlegging til grøn skipsfart, må vi bruke den offentlege innkjøpsmakta. Her er både fylke og stat viktige aktørar. Solberg-regjeringa har hatt sterkt fokus på grøn maritim skipsfart. Noreg har i desse åra teke på seg ei leiarkappe internasjonalt, der vi har lagt vekt på reine hav i vid forstand, og vårt arbeid opp mot IMO for ambisiøse målsettingar innan grøn skipsfart har bore frukter, eit påtrykk vi har hatt saman med næringa sjølv. Det har vore breie satsingar og program, verkemiddelapparatet er teke i bruk, og offentleg anskaffing er nytta for å få fortgang i arbeidet.
Basert på regjeringa si budsjetteinigheit med SV, der det vert lagt til grunn at ein gjennom offentleg innkjøp skal bestille nullutslepp for ferje og hurtigbåtar, og at fylka skal kompenserast for dette, korleis ser statsråden for seg at prosessen og kostnadsutviklinga for eit slikt vedtak vil bli?

Les hele debatten