Spørsmål
Alfred Jens Bjørlo (V): I intervju med Klassekampen 2. november varslar næringsministeren mogleg oppretting av eit statleg hydrogenselskap, mellom anna fordi ein slik kan "[...] sikre at det blir drive med skikkelege arbeidsvilkår". Dei fleste selskap i hydrogenbransjen i dag er eigde av statlege aktørar, kommunale/fylkeskommunale aktørar eller store private industriaktørar. Det er for meg ukjent at desse selskapa ikkje blir drivne med skikkelege arbeidsvilkår. Dersom så skulle vere tilfelle, framstår det uansett som merkeleg å løyse problemet med eit nytt statleg selskap, framfor å nytte lovverket til å sikre arbeidsvilkåra i etablerte bedrifter.
Kva dokumentasjon har næringsministeren på at dagens hydrogenselskap ikkje sikrar tilsette skikkelege arbeidsvilkår, og i kva andre bransjar meiner statsråden arbeidsvilkåra for dei tilsette er så dårlege at staten bør opprette nye statlege selskap for å sikre skikkelege arbeidsvilkår?