Interpellasjon fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Interpellasjon nr. 47 (2020-2021)
Om å sikre eit landbruk i heile landet og i framtida, m.a. med bakgrunn i at krav om lausdrift vil krevje store investeringar for å få ombygd fjøs
Oversendt regjeringen: 08.04.2021
Besvart: 27.04.2021 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Det er eit viktig landbrukspolitisk mål å oppretthalde eit levande landbruk i heile landet. For å få til det treng ein eit mangfald av både store og små bruk der produksjonen er tilpassa ressursgrunnlaget på den enkelte garden. Ein treng òg driftsbygningar som er moderne og funksjonelle både for bonden og for dyra. Det er difor nadusynt med investeringar og jamlege oppgraderingar. Frå 2034, og i nokre tilfelle frå 2024, vert det innført krav om lausdrift. Tusenvis av norske fjøs er i dag båsfjøs, og det vil krevje investeringar for fleire milliardar å få ombygd fjøsa. Det er heilt avgjerande at ein får til investeringar på dei mindre bruka for at ein framleis skal kunne ha landbruk i heile landet, gode faglege miljø på bygdene og ein matproduksjon tilpassa norsk geografi, klima og ressursgrunnlag.
Kva vil statsråden gjera for å sikre eit landbruk i heile landet og i framtida?

Les hele debatten