Spørsmål
Jorunn Ringstad (Sp): Den desentraliserte modellen kjenneteiknar den norske politi- og lensmannsetaten. Modellen, der politi og lensmenn er synlege og kjende i lokalsamfunnet, er viktig i arbeidet med å oppklare og førebyggje kriminalitet. Grunnstamma i nærpolitimodellen er lensmannsetaten, Samtidig er det erkjent et ein må gå vidare med å desentralisere politimodellen i dei store byane, etter ein såkalla områdepolitimodell. Eit fleirtal i Stortinget har gjentatte gonger, seinast i Budsjett-innst. S. nr. 4 (1996-97), sagt at ein ikkje vil ha sentralisering i lensmannsetaten. I FASE II, som no er i gang i politi- og lensmannsetaten, vurderast talet på lensmannsdistrikt.
Kva føringar vil statsråden leggje på arbeidet i FASE II i organisasjonsutviklinga for å sikre at Stortinget sine intensjonar blir førd vidare over heile landet?