Spørsmål
Liv Kari Eskeland (H): Regjeringa har varsla ein hydrogenstrategi som skal omhandla forsking, teknologiutvikling og bruk av hydrogen. Utvikling av heilskaplege kjeder vil vera avgjerande for å få opp berekraftige løysingar. Dette gjeld innan transport på land og sjø, men også for industrien. Den siste tida har også ammoniakk som energiberar kome inn som eit alternativ til rein hydrogen. For strategien vil det vera vesentleg at også bruk av ammoniakk vil bli likestilt med hydrogen i det vidare arbeidet. For å nå målet om at norske bedrifter skal vera leiande innan utviklinga av hydrogenteknologi, må det satsast betydeleg både frå bedriftene og frå det offentlege si side.
Vil regjeringa opne opp for at ammoniakk også vil bli likestilt med hydrogen, og vil strategien syte for å stimulere til heilskaplege kjeder også for denne energiberaren?