Spørsmål
Kjersti Toppe (Sp): Mange pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester får ikkje god nok oppfølging i sjukehus og opplever fragmenterte tenester. I spesialisthelsetenestelova er det fleire paragrafar som skal hindre dette. Det gjeld § 2-5 om individuell plan, som skal utarbeidast for alle pasientar med behov for langvarige og koordinerte tilbod. Det gjeld § 2-5 a om koordinator, som skal oppnemnast for pasientar med behov for komplekse eller langvarige og koordinerte tenester. Det gjeld § 2-5 b om koordinerande eining, og det gjeld § 2-5 c om kontaktlege, som skal oppnemnast for pasientar med alvorleg sjukdom, skade eller lidingar og med behov for behandling eller oppfølging av spesialisthelsetenesta av ei viss varigheit.
Kva gjer statsråden for at dei lovpålagde pasienttilboda blir følgde opp ved alle sjukehus, slik at alle pasientar med behov for koordinerte tenester kjenner seg betre tatt vare på?
Les hele debatten