Spørsmål
Lene Vågslid (A): Om korleis statsråden vil følgje opp arbeidet med haldningar, kultur og leiarskap i politiet, Politidirektoratet og Justis- og beredskapsdepartementet, herunder Difi-rapport 2017:9 Evaluering av nærpolitireformen. Underveisrapportering om kultur, holdninger og ledelse og Difi-rapport 2018:2 Evaluering av nærpolitireformen - statusrapport 2017. Gjørv-kommisjonen NOU 2012: 14 skriv at det som skilde 'det som gikk godt fra det som gikk dårlig 22/7, i hovedsak var knyttet til holdninger, kultur og lederskap, og hvordan mennesker og organisasjoner utøvet den myndighet de var gitt', jf. side 458. Dei peika òg på at endringar i haldningar, leiarskap og kultur 'må utvikles over tid', jf. side 451. Arbeidet med haldningar, kultur og leiarskap var ein viktig del av forliket om politireform i Stortinget, og Arbeidarpartiet foreslo i forbindelse med forliket ei rekke tiltak. Likevel kjem det fram av Difi-rapport 2017:9 Evaluering av nærpolitireformen, Underveisrapportering om kultur, holdninger og ledelse og Difi-rapport 2018:2 Evaluering av nærpolitireformen - statusrapport 2017 at det framleis er ei rekke utfordringar på dette området. Til dømes kjem det fram i Difi-rapport 2018:2 at 'Det er ulike oppfatninger både om de som 'sier ifra' blir hørt oppover i linjen og hvor lurt det er 'å si ifra rent karrieremessig'.' Dette seier noko om dei utfordringane politiet står overfor knytta til haldningar, kultur og leiarskap. Eg vil invitere statsråden til å gjere greie for korleis han vil arbeide med dette. Statsråden kan rekne med å få ein liknande invitasjon frå meg igjen om eitt år. Eg avgrensar til tiltak i politiet, Politidirektoratet og Justis- og beredskapsdepartementet.
Korleis vil statsråden arbeide med haldningar, kultur og leiing, og korleis vil statsråden sørgje for at utfordringane Difi-rapportane peikar på og anbefalingane dei kjem med, vert følgde opp?
Les hele debatten