Spørsmål
Jon Lilletun (KrF): Fleire lånesøkjarar opplever regelverket i Statens lånekasse for utdanning som lite skjønnsamt. Auken i søkjarmassen krev i aukande grad individuell vurdering av studieprogram, lånebehov og evne til tilbakebetaling. I årsmeldinga for 1995 skriv styreleiaren at "Regelverket til lånekassa er komplisert (..). Ut frå dette er det eit klart mål å forenkle dette.. Styret vil oppmode Regjeringa og Stortinget om å følgje opp dette arbeidet."
Kva gjer statsråden for å modernisere regelverket til dagens studiesituasjon, og vil statsråden ta initiativ til organisatoriske og bedriftskulturelle tiltak for å sikre ei individuell vurdering av søkjarane? Og kva gjer statsråden for å møte dei behov lånetakarar har, som etter fullførte studier mister eller får redusert innteningsevne?