Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helseministeren

Interpellasjon nr. 25 (2017-2018)
Om å _sikre innsette med psykisk liding fullverdig helsehjelp_, og å følgje opp kritikken frå FN og oppmodinga om å avslutte bruk av isolasjon for psykisk sjuke innsette i norske fengsel
Oversendt regjeringen: 18.04.2018
Rette vedkommende: Justis-, beredskaps- og innvandringsministeren
Spørsmålet er trukket tilbake

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Born og psykisk sjuke skal ikkje isolerast på glattcelle, slår internasjonale reglar fast. Likevel skjer dette i Noreg. Bergens Tidende har dokumentert at sjuke og mindreårige vert isolerte på glattcelle i Bergen fengsel. Sivilombudsmannen har avdekka dei same rutinane i andre norske fengsel. FNs menneskerettskomité i Genève kritiserer no Noreg for bruken av glattceller. I FN-uttalen heiter det at staten bør avskaffe bruken av full isolasjon for personar med psykiske lidingar. Det er godt kjent, blant anna gjennom Cramer-rapporten, at fengselsinnsette har svært høg førekomst av psykiske lidingar samanlikna med den alminnelege befolkninga.
Kva vil regjeringa gjere av konkrete tiltak for å sikre innsette med psykisk liding fullverdig helsehjelp på lik linje med andre, og korleis vil regjeringa følgje opp kritikken frå FN og oppmodinga om å avslutte bruk av isolasjon for psykisk sjuke innsette i norske fengsel?