Interpellasjon fra Liv Signe Navarsete (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Interpellasjon nr. 36 (2016-2017)
Om å initiere ei utgreiing av ny parkmodell for _regionalparkar_ og andre område med høge natur- og kulturverdiar, og å reversere budsjettkutta for parkane
Oversendt regjeringen: 28.04.2017
Besvart: 16.05.2017 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Regjeringa har kutta den økonomiske støtta som førre regjering etablerte for dei regionale natur- og kulturparkane. Parkane er lokale initiativ bygd på lokale ressursar og er pådrivarar for lokal mobilisering, næringsutvikling og bærekraftig samfunnsutvikling. Det er no 9 regionalparkar i alle delar av landet, og 30 kommunar er engasjerte i arbeidet. I Europa er det tusen natur-, regional- og landskapsparkar fordelt på 22 land. Erfaringane syner at det ligg store moglegheiter for nærings- og samfunnsutvikling i parksystemet. Men det trengs eit statleg engasjement i utvikling av kriteriesystem for sertifisering av regionalparkar, nasjonal lovforankring og støtte til parkorganisasjonen.
Vil regjeringa initiere ei utgreiing av ny parkmodell for regionalparkar og andre område med høge natur- og kulturverdiar, og vil regjeringa reversere budsjettkutta som er gjort i perioden?

Les hele debatten