Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 34 (2016-2017)
Om korleis handlingsplanen for førebygging av _sjølvmord og sjølvskading_ er følgt opp, og om oppfølging av pasientar etter sjølvmordsforsøk
Oversendt regjeringen: 25.04.2017
Besvart: 09.05.2017 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Ifølgje ein Sintef-rapport har berre fire av ti kommunar etablert rutinar for at sjukehus varslar kommunar når pasientar blir skrivne ut etter sjølvmordsforsøk, eller ved mistanke om sjølvmordsforsøk. Handlingsplan for forebygging av selvmord og selvskading 2014-2017 gir ei samla framstilling av mål og tiltak for å førebygge sjølvmord og sjølvskading, der tidleg intervensjon og generell førebygging er viktig, men og tiltak mot sårbare og utsette grupper. Det er også kjent at personar som har vore fengsla, har mykje høgare risiko for å ta sitt eige liv enn normalbefolkninga, og størst er risikoen dei fire første vekene etter at fengselsopphaldet er avslutta.
Kva gjer regjeringa for å førebygge sjølvmord i befolkninga, korleis er handlingsplanen følgt opp, kva gjer regjeringa for å førebygge sjølvmord etter fengselsopphald, og kva vert gjort for å sikre pasientar oppfølging etter innlegging i helsevesenet for sjølvmordsforsøk og overdose?

Les hele debatten