Interpellasjon fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Interpellasjon nr. 4 (2015-2016)
Om initiativ det siste året for å arbeide med _haldningar, leiarskap og kultur i politiet og Politidirektoratet_, og særleg ein kultur for openheit kring kritikkverdige episodar
Oversendt regjeringen: 21.10.2015
Besvart: 05.11.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Viser til interpellasjon av 16. oktober 2014, om haldningar, leiarskap og kultur i politiet, Politidirektoratet og Justis- og beredskapsdepartementet. Viser samstundes til at eg då melde at eg vil gjenta interpellasjonen med eitt års mellomrom. Det gjer eg no. Eg vil invitere statsråden til å gjere greie for kva sjølvstendige initiativ han har teke det siste året for å arbeide med haldningar, leiarskap og kultur. Særleg ynskjer eg å høyre justis- og beredskapsministeren gjere greie for korleis han bidreg til ein kultur for openheit kring kritikkverdige episodar. Eg avgrensar her mot 'varsling', som krev ei særskilt handsaming.
Korleis bidreg statsråden til å gjere varsling minst mogleg naudsynt, ved mellom anna å gjera det enklare å seie frå før problemet vert for stort?

Les hele debatten