Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 58 (2014-2015)
Om tiltak for å hindra utvikling av underernæring hos eldre og hindra systemsvikt på dette området ved helseinstitusjonar i Noreg
Oversendt regjeringen: 12.03.2015
Besvart: 14.04.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Fakta viser at underernæring hos eldre menneske på sjukehus og sjukeheim er eit stort problem. Helsedirektoratet lanserte i 2009 «Nasjonale faglige retningslinjer for forebygging og behandling av underernæring». Desse skulle bidra til at underernærte og personar i ernæringsmessig risiko vert identifiserte og får ein målretta ernæringsbehandling. Målgruppa var helsepersonell både i spesialist- og primærhelsetenesta. I Aftenposten kunne vi den 11. mars 2015 lese om ein pasient som i samband med eit sjukehusopphald i 2013 tok av 21 kilo. Pasienten døydde kort tid etterpå. Fylkeslegen uttaler at pasienten døydde som følgje av systemsvikt over lang tid, og at sjukehuset har brote forsvarlegheitskravet.
Kva gjer regjeringa for å hindre utvikling av underernæring hos eldre, og kva vert gjort for å hindre at liknande systemsvikt skjer ved andre helseinstitusjonar i Noreg?

Les hele debatten