Interpellasjon fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Interpellasjon nr. 56 (2013-2014)
Om å sørgje for at _eit felles studium for naudetatane_ blir etablert raskt
Oversendt regjeringen: 21.03.2014
Besvart: 24.04.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Når store hendingar og ulukker rammar oss, er samhandling mellom naudetatar ein føresetnad for at folk skal få god og rask hjelp. Politi, brann- og helsevesen, forsvar og frivillige organisasjonar må i mange samanhengar handle i lag. På skadestader må dei opptre saman på eit slikt vis at ressursane blir nytta best mogleg og at arbeidet skjer effektivt. Aktørane i desse ulike etatane har svært forskjellig grunnutdanning, men felles for alle er at dei har som oppgåve å hjelpe folk. I krisearbeidet må dei kvar for seg ha klårt definerte roller, forstå rollene til kvarandre, samt kommunisere og samarbeide godt. Då er det viktig at denne tematikken har vore sentral i grunnutdanninga til naudetatane, samstundes som det er gode moglegheiter til etter- og vidareutdanning i dei aktuelle emna. Ein er kjend med at det blir arbeidd med å etablere eit felles studium på tvers av naudetatane.
Vil statsråden sørgje for at eit slik studium raskt blir etablert?

Les hele debatten