Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 41 (2013-2014)
Om tiltak for å førebyggje _overdiagnostisering og overbehandling_ i norsk helsevesen
Oversendt regjeringen: 05.03.2014
Besvart: 24.04.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Fleire samfunnsmedisinarar åtvarar mot ei utvikling av norsk helsevesen i retning meir overbehandling av friske folk. Overdiagnostisering og overbehandling blir omtalt som ein større trussel mot folkehelsa enn at enkelte får for lite behandling. Som eksempel blir det i Norge no utført dobbelt så mange CT-undersøkingar per innbyggjar, samanlikna med Sverige. Sjølv om vi ikkje er meir sjuke, har det dei siste 7 åra vore ein auke på 12 prosent i antibiotikabruken. 1 prosent av befolkninga har medikamentindusert hovudpine av for hyppig bruk av smertestillande. Det er stadig nye krav til bruk av helsetestar, laboratorieprøver, screeningundersøkingar og behandling av risikofaktorar, utan at helsegevinsten er klar. Finansieringsordningar med innsatsstyrt finansiering (ISF) favoriserer aktiv og gjerne kirurgisk behandling.
Kva vil regjeringa konkret gjere for å førebyggje overdiagnostisering og overbehandling i norsk helsevesen?

Les hele debatten