Interpellasjon fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Interpellasjon nr. 36 (2013-2014)
Om at _strukturendringar i politi- og lensmannsetaten_ skjer før politireforma og strukturen på framtidas politi er handsama i Stortinget
Oversendt regjeringen: 27.02.2014
Besvart: 03.04.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): I medhald av politiloven § 16 første ledd skal framlegg til endringar av lensmannsdistrikt handsamast i regjeringa. Den siste tida har vi sett eksempel på at denne regelen blir omgått ved at lensmannskontor blir ståande tomme etter såkalt samlokalisering av einingar. Politianalysen var overlevert regjeringa i 2013, men noko sak om ei politireform er førebels ikkje lagt fram for Stortinget. I påvente av folkevald handsaming av organiseringa i politietaten burde ein kunne forvente at det ikkje skjer endringar i struktur. Det ein ser mange stader no er likevel at politimeistrar flyttar rundt på ressursane slik at det i praksis blir nedleggingar, sjølv om struktur ikkje er handsama politisk og formelle nedleggingsvedtak ikkje er gjorde i regjering.
Kva meiner statsråden om at slike endringar skjer utan politisk behandling og før politireformen og strukturen på framtidas politi er drøfta og handsama i Stortinget?

Les hele debatten