Interpellasjon fra Ingrid Heggø (A) til olje- og energiministeren

Interpellasjon nr. 23 (2013-2014)
Om å oppfylle Stortinget sin uttrykte vilje om _vekst ved Florabasen og i annan petroleumstilknytta aktivitet i Sogn og Fjordane_, då Statoil har varsla at berre Snorre og Visund skal betenast frå Florø
Oversendt regjeringen: 13.01.2014
Besvart: 13.02.2014 av olje- og energiminister Tord Lien

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Formålsparagrafen i petroleumslova seier at selskapa og myndigheitene skal strekke seg langt for å legge til rette for lokal industriell aktivitet, og at forvaltinga av petroleumsressursane offshore skal gje ringverknader på land. Sogn og Fjordane har 35 pst. av Noregs oljeførekomst på sokkelen, men berre 1,3 pst. av landbasert aktivitet. Stortingsfleirtalet har ved mange høve påpeikt at det er viktig at Florabasen og Sogn og Fjordane får meir av den landbaserte aktiviteten, f.eks. ved handsaminga av Valemon, Snorre, Visund, Gullfaks, Troll og Veslefrikk. Statoil har no varsla at dei vil legge om seglingsmønsteret, og at det berre er Snorre og Visund som skal betenast frå Florø. Dette medfører ytterlegare reduksjon av aktiviteten ved Florabasen, noko som er stikk i strid med eit samla storting sin vilje.
Korleis vil statsråden oppfylle Stortinget sin klårt uttrykte vilje om vekst ved Florabasen og Sogn og Fjordane?

Les hele debatten