Interpellasjon fra Bård Vegar Solhjell (SV) til utenriksministeren

Interpellasjon nr. 17 (2013-2014)
Om å sikre at kritikk frå regjeringa av situasjonen for _demokrati og menneskerettar i Russland_ kjem tydeleg fram under og omkring OL i Sotsji
Oversendt regjeringen: 13.12.2013
Besvart: 04.02.2014 av utenriksminister Børge Brende

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Situasjonen for demokrati og menneskerettar i Russland gjer stor grunn til uro. Gjennom fleire år har rettsvesenet, mediene og sivilsamfunnet blitt svekka. Det foregår omfattande brot på menneskerettane, og det er døme på overgrep og arrestasjonar mot journalistar, organisasjonar og enkeltpersonar som er kritiske til sentralmakta. Dei nye lovene som forbyr positiv omtale av "ikkje-tradisjonelle" seksuelle relasjonar inneber ei alvorleg diskriminering av homofile, og eit klart brot på Russland sine internasjonale forpliktingar. Ifølgje regjeringserklæringa skal regjeringa "rette mer oppmerksomhet mot sivile og politiske rettigheter, også i nærliggende land".
Korleis vil utanriksministeren gjere det overfor Russland, og vil regjeringa sikre at denne kritikken kjem tydeleg fram under og omkring OL i Sotsji?

Les hele debatten