Interpellasjon fra Gunvor Eldegard (A) til kunnskapsministeren

Interpellasjon nr. 66 (2011-2012)
Om regjeringas mål om at fleire yrke og stillingar skal ha ein jamnare kjønnsbalanse, og tiltak for å stimulera til _meir utradisjonelle utdanningsval for jenter og gutar_ innanfor vidaregåande opplæring og høgare utdanning
Oversendt regjeringen: 08.02.2012
Besvart: 29.03.2012 av kunnskapsminister Kristin Halvorsen

Gunvor Eldegard (A)

Spørsmål

Gunvor Eldegard (A): Regjeringa la før jul fram handlingsplan for likestilling. Det er veldig positivt. Eit tema i planen er at regjeringas mål er at fleire yrke og stillingar skal ha ein jamnare kjønnsbalanse, og at regjeringa ønskjer å stimulera til meir utradisjonelle utdanningsval for jenter og gutar innanfor vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Handlingsplanen syner og dømer på gode prosjekt. Blant anna prosjektet "Jenter i bil og elektro", som har vart nokre år, har gitt gode resultat. Det ein òg ser er at ein som oftast er avhengig av eldsjeler når ein set i gang prosjekt. Det er ingen i fylkeskommunen som styrer vidaregåande skule, som har eller tek eit ansvar for likestillinga. I dei fylka der det er eldsjeler, skjer det mykje spennande, elles lite.
Vil statsråden ta tak i denne problemstillinga, og kva tiltak vil ho gjera?

Les hele debatten