Interpellasjon fra Ingrid Heggø (A) til justisministeren

Interpellasjon nr. 16 (2005-2006)
Om tiltak for å auka _politiet sin oppklaringsprosent_, kva kriminalitetstypar bruken av DNA-prøvar bør utvidast til, og rammer for registrering i DNA-registeret
Oversendt regjeringen: 30.01.2006
Besvart: 16.03.2006 av justisminister Knut Storberget

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Oppklaringsprosenten i Noreg er svært låg i nokre saker. Politiet sine STRASAK-tal viser at over 80 pst. av den rapporterte vinningskriminaliteten ikkje vert oppklåra. Mange peikar på fleire og betre verktøy til bruk i politiet sitt arbeid. Auka adgang til å bruka DNA-prøvar, som eit av fleire verkemiddel kan bidra til auka oppklåring. Eit vesentleg punkt her er at finansieringa av DNA-prøvar vert sentral, slik at denne metoden kan nyttast når det er hensiktmessig, uavhengig av økonomi. Dersom registeret vert utvida slik at også enkelte former for vinningskriminalitet vert omfatta, kan auka bruk av DNA gje auka oppklaringsprosent i alvorlege straffesaker, og bidra til å oppdage og oppklare meir vinningskriminalitet.
Kva vil statsråden gjera for å auka oppklaringsprosenten, kva kriminalitetstypar bør bruken av DNA utvidast til, og kva rammer skal setjast for registrering i DNA-registeret?

Les hele debatten