Interpellasjon fra Ranveig Frøiland (A) til energiministeren

Interpellasjon nr. 7 (1996-97)
Om tiltak for å _redusera elektrisitetsforbruket_, og vurdering av eit _toprissystem_
Datert: 19.04.1996
Besvart: 05.11.1996 av energiminister Grete Faremo

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Det totale energiforbruket i Norge er stabilt, medan elektrisitetsforbruket er sterkt aukande. Det er i stor grad det private forbruket som aukar, i tillegg til den auken som er komen grunna den sterke veksten i servisetilbud og offentleg sektor. Industrien sitt elektrisitetsforbruk er stabilt sjølv om produksjonen har auka. Dette tyder på at her har det vore gjort ein god jobb når det gjeld energiøkonomisering.
Kva tiltak kan setjas i verk for å redusera elektrisitetsforbruket, og er det mulig for eksempel å gjera dette gjennom eit to-pris system på elektrisk kraft?