Spørsmål
Ranveig Frøiland (A): Det er viktig å integrere barn som har bakgrunn som innvandrar, flyktning og asylsøkjar, og myndigheitene yter viktige bidrag i denne samanheng. Men det er ildsjeler i friviljuge organisasjonar som driv dette i samarbeidd med myndigheitene. Vard-modellen i Haugesund er eit slikt tiltak som er velkjend, og som det blir vist til i ulike samanhenger som noko det er verdt å byggje vidare på. Dei friviljuge kreftene brukar mykje tid på å skaffe finansiering og har dessutan altfor kort tidsperspektiv å jobbe etter grunna usikker finansiering. Vard-modellen bør sikrast finansiering over ein treårsperiode, slik at arbeidet kan forsetja og at dette prosjektet kan vere ein mal for andre friviljuge organisasjonar.
Kan statsråden medverka til dette?"
Les hele debatten