Interpellasjon fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til justisministeren

Interpellasjon nr. 22 (2002-2003)
Om auke i vinnings-, valds- og trafikkriminalitet samtidig som _politidistrikta kuttar ned på folk i operativ teneste_, medan politireforma skulle frigjere 400-450 årsverk til slik teneste
Oversendt regjeringen: 13.05.2003
Besvart: 27.05.2003 av justisminister Odd Einar Dørum

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vi er alle opptekne av eit godt lokalt velferdstilbod. Det å kjenna seg trygg i kvardagen betyr mykje. Førebyggjande arbeid er blant dei beste tiltaka ein kan setja inn. Det er viktig å sjå samanhangen i mellom kommunane og politiet sitt ansvar. Ei rad presseoppslag gjer grunn til uro. Stramme budsjett inneber at politidistrikta kuttar ned på folk i operativ teneste. Politireforma skulle gje eit meir effektivt politi og frigjere 400-450 årsverk til operativt politiarbeid. Første halvår av 2002 var det registrert ein sterk auke i vinnings-, valds- og trafikkriminalitet.
Kva konsekvensar ser statsråden, både økonomisk og ikkje minst i forhold til publikum på bakgrunn av det som no skjer, og korleis vil han medverka til ei anna utvikling?

Les hele debatten