Spørsmål
Hallgeir H. Langeland (SV): Norge ligg på verdstoppen når det gjeld CO2-utslepp. Venta auke frå 1992 til år 2000 er på 22 pst. Kyoto-avtalen tillet Norge å plusse på 1 pst. i høve til 1990-nivå. I munnleg spørjetime 4. november 1998 kunne miljøvernministeren ikkje gjere greie for konkrete målsettingar i forhandlingane i Buenos Aires. I det politiske grunnlaget for sentrumsregjeringa var målsettinga at Norge skulle bringe sine utslepp ned til 1989 nivå. Det spriker altså i ulike retningar, og dette har ført til ei viss forvirring om kva som er Regjeringa sin politikk på klimaområdet.
Det kan difor vere både interessant og oppklarande å få greie på kva tiltak statsråden ser føre seg som dei mest effektive for å løyse klimaproblema, og kor stor del av desse tiltaka som skal vere nasjonale?
Les hele debatten