Interpellasjon fra John Dale (Sp) til utenriksministeren

Interpellasjon nr. 45 (1997-98)
Om å få vidareført den restriktive praksisen ved behandling av søknader om _patent på livsformer_, etter EU sitt direktivframlegg om rettsleg vern av bioteknologiske oppfinningar
Oversendt regjeringen: 06.04.1998
Besvart: 15.05.1998 av utenriksminister Knut Vollebæk

John Dale (Sp)

Spørsmål

John Dale (Sp): Ministerrådet i EU har nyleg vedteke ei felles haldning uttrykt i framlegg til direktiv om rettsleg vern av bioteknologiske oppfinningar. Direktivframlegget inneheld regelverk for patentering av livsformer, herunder også delar av menneskekroppen. Dette er i strid med praktiseringa av norsk patentlovgjeving. Direktivet er EØS-relevant. Under behandlinga av EØS-avtalen hausten 1992 bad Stortinget Regjeringa vurdera å gjera framlegg om ein forskriftsheimel til patentlova for nærare regulering av høvet til å patentera bioteknologiske oppfinningar.
Korleis vil Regjeringa arbeida vidare med å sikra at den restriktive praksisen ved behandling av søknader om patent på livsformer blir vidareførd?