Interpellasjon fra Unn Aarrestad (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Interpellasjon nr. 43 (1997-98)
Om å få til eit betre _samarbeid mellom kommunar_ for felles utnytting av områda til næringsutvikling og bustadbygging, med Stavanger og Jæren som døme
Oversendt regjeringen: 06.04.1998
Besvart: 06.05.1998 av kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad

Unn Aarrestad (Sp)

Spørsmål

Unn Aarrestad (Sp): Fleire stader i landet, som i Stavanger og på Jæren, har felles arbeids- og bustadområde. Samarbeid mellom kommunane er her viktig for å løysa felles oppgåver. Her finst også noko av den beste jordbruksjorda i landet som nå er i ferd med å verta nedbygd dersom me ikkje får til eit betre samarbeid mellom kommunane. Sentrale deler av Jæren kan bli eit samanhengjande byområde om kort tid. Kommunesamanslåingar løyser ikkje denne utfordringa.
Kva tiltak vil kommunal- og regionalministeren fremja for å få til eit betre samarbeid mellom kommunar når det gjeld felles utnytting av områda til næringsutvikling og bustadbygging?