Spørsmål
Lars Gunnar Lie (KrF): "Reglar og praksis som Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) legg til grunn, vert oppfatta som sterkt avgrensande for små og mellomstore verksemder mellom anna fordi sakshandsaminga er sterkt sentralisert. Avstanden frå dei som skal/vil gjere seg nytte av SND og dei som tek avgjerd kjennes for stor. Prioriteringskrava frå SND synes å leggje hindringar i vegen for lokale bankar og investorar til å medverke til utvikling og oppstart av verksemder. Krav til storleiken på eigenkapitalen synes også å verte praktisert rigorøst.
På kva måte vil departementet arbeide for å gjere SND meire målretta for å kunne medverke til auka sysselsetting og næringslivsutvikling?"