Interpellasjon fra Laila Kaland (A) til sosialministeren

Interpellasjon nr. 13 (1991-92)
Datert: 24.04.1991
Besvart: 20.02.1992 av sosialminister Tove Liv Besstun Veierød

Laila Kaland (A)

Spørsmål

Laila Kaland (A): "Mishandling og vold mot eldre i samfunnet, er aukande. Desse voldsofra er ofte i ein spesielt vanskeleg livssituasjon.
Den som utøver volden er vanlegvis ein som voldsofferet kjenner godt, ofte eit nært familiemedlem. Dermed blir det vanskeleg å melde frå og be om hjelp, og ofte vil volden fortsette dersom ingen grip inn.
Samfunnet må engasjere seg på alle plan for å finne løysingar på desse uverdige forholda.
På kva måte kan samfunnet vere med på å førebyggje og synleggjere vold og mishandling mot eldre, og kva tiltak meiner sosialministeren bør setjast inn?"