Interpellasjon fra Ranveig Frøiland (A) til kultur- og kirkeministeren

Interpellasjon nr. 17 (1990-91)
Datert: 19.10.1990
Besvart: 26.11.1990 av kultur- og kirkeminister Åse Kleveland

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): "Utviklinga av vaksenopplæringa i dei seinare åra har ført til at Norge har sakka akterut i høve til dei andre nordiske land når det gjeld kompetanseutvikling hos vaksne.
Vi treng ei brei gjennomdrøfting av korleis vi skal makta kompetanseheving blant vaksne, særleg i arbeidslivet, men også på sosiale og kulturelle felt. Heller ikkje framlegg til neste års budsjett gjev rom for å nå dei mål ein har sett. Å tømra ut ein utdanningspolitikk for livslang læring krev tiltak.
Kva tiltak på kort og lang sikt har statsråden tenkt å setja i verk i samband med dei målsetjingar som er uttrykt for vaksen- opplæringa?
Vil statsråden som eit ledd i dette arbeidet laga ein opptrappingsplan for vaksenopplæringa med sikte på at alle vaksne skal kunne få eit utdanningstilbud, uavhengig av kor dei bur, kva økonomi dei har eller kva utdanningsbakgrunn dei måtte ha?" ( Trukket tilbake)