Interpellasjon fra Laila Kaland (A) til fiskeriministeren

Interpellasjon nr. 3 (1990-91)
Datert: 30.01.1990
Besvart: 09.10.1990 av fiskeriminister Svein Magnus Munkejord

Laila Kaland (A)

Spørsmål

Laila Kaland (A): "I dag ligg forvaltninga av villaksen, oppdrettsnæringa og ansvaret for fiskesjukdomar på tre departement. Miljøverndepartementet har forvaltningsansvaret for villaksen, og for å vurdere forureining frå oppdrettsanlegga. Fiskeridepartementet har ansvaret for forvaltninga av oppdrettsnæringa i medhold av "Lov om oppdrett av fisk, skalldyr m.v." Landbruksdepartementet har ansvaret for veterinærtenesta, i medhold av "Lov om tiltak mot sjukdomar hos ferskvassfisk". Dette gjeld både villaks og oppdrettslaks. Denne tredelinga av ansvar for forvaltninga burde etter mitt syn vore samordna. Dette for å få ei betre avklaring av ansvarsforholda og ei best mogleg utnyttjing av ressursane.
Er fiskeriministeren samd i dette, og vil han ta eit initiativ til å få gjennomført ei samordning og ei forenkling?"