Interpellasjon fra Unn Aarrestad (Sp) til nærings- og handelsministeren

Interpellasjon nr. 48 (1996-97)
Datert: 12.05.1997
Besvart: 04.06.1997 av nærings- og handelsminister Grete Knudsen

Unn Aarrestad (Sp)

Spørsmål

Unn Aarrestad (Sp): Det har den seinare tida vore ein større debatt om konsesjonsavtalar som er gjort ved fleire store norske bedrifter ved oppkjøp, og tolkinga av desse. Det kan nemnast Freia Marabou, Transocean, Rio Tinto Zink og Exide Sønnak. Her er det viktig å ha gode nok lover som vert strengt handheva. Stortinget vedtok ny industrikonsesjonslov (Lov om erverv) i 1994. Den avløyste industrikonsesjonslova frå 1917 og framover. Dette synte at styresmaktene alt i 1917 var opptekne av eigarskap og forvalting av norske naturressursar og industri.
Kva tiltak vil Regjeringa setja i verk for å sikra nasjonale næringsinteresser og dei tilsette sine rettar overfor multinasjonale selskap ved oppkjøp?