Løse forslag til saken
Forslag nr. 1 fra Dale, John på vegne av Senterpartiet
Stortinget ber Regjeringa leggja fram ei melding om status for og røynsler med EØS-avtalen no over 3 år etter at avtalen kom i kraft.Forslag nr. 2 fra Dale, John på vegne av Senterpartiet
Regjeringa vert oppmoda om å ta initiativ til ei heilskapleg evaluering av den humanitære bistanden slik at ein får eit betre grunnlag for å vurdera resultata av denne bistanden. Ei evaluering bør danna grunnlag for at Stortinget får desse spørsmåla til behandling.Forslag nr. 3 fra Dale, John på vegne av Senterpartiet
Regjeringa vert oppmoda om å leggja til rette for at Stortinget vert informert om aktuelle saker i samband med ei nordisk «tidleg varslings-ordning» knytt til EØS- og EU-saker.