Representantforslag om ei offensiv satsing på norsk legemiddelproduksjon og -beredskap

Dette dokument

  • Representantforslag 167 S (2025–2026)
  • Fra: Geir Pollestad og Kjersti Toppe

Merknader

Midlertidig versjon

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Tilgang til kritisk viktige legemiddel er ein del av Noregs totalberedskap og avgjerande for at helsevesenet skal kunne fungere i ei krise og ta seg av innbyggjarane. I kjølvatnet av koronapandemien har ein i Noreg bygd opp beredskapslagre for medisinar og utstyr for å styrke helseberedskapen. Men framleis har det ikkje blitt gjort grep for å auka norsk legemiddelproduksjon eller auka nasjonal produksjon av medisinsk utstyr. I ei større krise vil lager av legemiddel og medisinsk utstyr gå tomt. Det vil gi langt betre beredskap å både lagre og produsere legemiddel og medisinsk utstyr i Noreg, enn å berre gjere ein av delane.

Beredskapsproduksjon av legemiddel og medisinsk utstyr

Det er fabrikkar i Noreg som kan produsere ei rekke viktige legemiddel, men ingen av dei har avtale med norske myndigheiter i tilfelle krise, krig eller konflikt. Det same kan gjelde for medisinsk utstyr. Trass i fleire stortingsvedtak om beredskapsproduksjon av legemiddel og inngåing av beredskapsavtalar er det i dag ikkje inngått ein einaste beredskapsavtale mellom myndigheitene og norske legemiddelprodusentar.

Erfaringane frå pandemien, auka geopolitisk usikkerheit og vedvarande legemiddelmangel i Europa har synleggjort kor sårbare globale forsyningskjeder for legemidlar kan vere. Fleire land arbeider derfor aktivt med å styrke eigen produksjonskapasitet eller etablere beredskapsordningar for produksjon av kritisk viktige legemiddel. Men i Noreg inngår i dag ikkje nasjonal produksjonskapasitet som eit operativt verkemiddel i legemiddelberedskapen.

I Dagens medisin 10. mars 2026 svarar departementet på manglande beredskapsavtalar for produksjon av legemiddel ved å vise til DMP (Direktoratet for medisinske produkter), som har ansvar for legemiddelberedskap. DMP svarar på si side at dei ikkje er kjent med at det føreligg offentlege avtalar om beredskapsproduksjon. Slike avtalar har heller ikkje DMP myndigheit til å opprette,

I følgje Legemiddelindustrien (LMI) er det fullt mogleg å få opp beredskapsproduksjon av legemiddel i Norge løpet av kort tid, om det er gjort avtalar med fabrikkane og kjøpt inn råvarer og emballasje på førehand . I 2020 konkluderte daværende Statens legemiddelverk med at eksisterande norske fabrikkar på kort sikt kunne produsere paracetamol og metformin (blodsukkersenkande medisin), og norske fabrikkar kunne til dømes også produsere infusjonspreparat til bruk i ein masseskadesituasjon, lokalbedøving og sterke smertestillande. Også medisinsk utstyr vil fort gå tomt i ein krisesituasjon, og beredskapsavtalar for norsk produksjon vil også kunne vere aktuelt her.

Lagring av virkestoff av legemiddel og ny kartlegging

Lagring av legemiddel er innført og er viktig for å styrke legemiddelberedskapen. Men i tillegg til lagring av ferdig medisin, bør ein lagre virkestoff (API, Active pharmaceutical ingredient). API-er har lengre holdbarheit og er billegare å kjøpe inn, og vil bidra til å styrke legemiddelberedskapen og moglegheita til å raskt få produsert medisin . Det bør difor bli krav til lagring av virkestoff, og ikkje bare ferdig medisin. Dette vil gi grunnlag for beredskapsavtalar kan fungere godt og enklare auke produksjonen nasjonalt av kritisk viktige legemiddel.

DMP sit i dag på ei kartlegging som ikkje viser moglegheitene for norsk produksjonskapasitet for legemiddel. For å få framgang i nordisk samarbeid m.m. vil det vere viktig med ei ny kartlegging. Kartlegginga av produksjonskapasitet som blei gjennomført våren 2020, tok utgangspunkt i kva for legemiddel det kunne etablerast produksjon av i løpet av nokre få månader. Omstilling av legemiddelproduksjon tek normalt vesentleg lengre tid om det ikkje er førebudd. Ei kartlegging med så korte tidshorisontar vil derfor i stor grad reflektere eksisterande produksjon, og gjev eit avgrensa bilete av kva produksjonspotensial som finst i Noreg.

Helseberedskap viktig for totalberedskapen

I totalberedskapsåret 2026 hastar det meir enn nokon gong å sikre auka nasjonal legemiddelberedskap og auka beredskap for nødvendig medisinsk utstyr. Nasjonal politikk må støtte opp om legemiddelproduksjonen og kompetansemiljøa som finnast i Noreg, og lage beredskapsavtalar med tanke på krisesituasjonar som kan kome. Legemiddelberedskap må ikkje bare vurderast ut frå ein normalsituasjon og normalbruk. Vurderingar av norsk legemiddelberedskap må også omfatte scenario som katastrofar, ulukker, krigstilstandar eller andre større akutte hendingar. Beredskapslagre er nødvendige, men ikkje tilstrekkelige. Auka lagring gir viktig tidsgevinst i ei krise. Beredskapsproduksjon i Norge vil styrke beredskapen ytterlegere og gi større handlingsrom over tid.

Forslag

Ut frå dette vil forslagsstillarane fremje følgande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa fremme nye tiltak for auka norsk produksjon av legemiddel og medisinsk utstyr og kome tilbake til Stortinget snarast mogleg.

  2. Stortinget ber regjeringa snarast inngå beredskapsavtalar med fabrikkar i Noreg om produksjon av kritisk viktige legemiddel og medisinsk utstyr og kome tilbakte til Stortinget med naudsynte forslag.

  3. Stortinget ber regjeringa sikre at Direktoratet for medisinske produkter får eit tydelegare mandat og naudsynte verkemiddel for å inngå og forvalte beredskapsavtalar om produksjon av legemiddel og medisinsk utstyr.

  4. Stortinget ber regjeringa utgreie moglegheita for nordiske innkjøpsordningar for beredskapslager for legemidlar og medisinsk utstyr.

  5. Stortinget ber regjeringen utvide krava om lagerhold av legemiddel til også å omfatte virkestoff (API)som er relevant for beredskapsavtalar med norske produsentar.

  6. Stortinget ber regjeringa gjennomføre ei ny heilskapleg kartlegging av moglegheitene for norsk produksjonskapasitet for legemiddel, inkludert kva for legemiddel eksisterande produksjonsmiljø kan omstille produksjonen til innanfor ulike tidshorisontar i ein beredskapssituasjon.

13. mars 2026

Geir Pollestad

Kjersti Toppe