Representantforslag om rammene for Etterretningstenesta
Dette dokument
- Representantforslag 162 S (2023–2024)
- Fra: Ingrid Fiskaa, Andreas Sjalg Unneland, Audun Lysbakken og Kirsti Bergstø
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Bakgrunn
Rikets sikkerheit er avhengig av at Etterretningstenesta har tillit blant innbyggarane. Openheit er eit positivt bidrag til dette.
Verda ser i dag heilt annleis ut enn då dagens politiske og organisatoriske rammer for dei hemmelege tenestene blei utforma for 40–50 år sidan. Både verda og tenesta har utvikla seg: Det er krav om større openheit og betre personvern, den geopolitiske situasjonen er ein annan, og teknologien har endra seg. Det er derfor behov for å gjennomgå dei politiske og organisatoriske rammene for Etterretningstenesta.
Dei siste åra har norsk etterretningsteneste vore mykje omtalt i media. Det har også blitt gitt ut fleire bøker om emnet, dels historisk og dels om verksemda i dag, som Frode Kristoffersen og Kjetil Hatlebrekke si bok «Etterretning – oppdragene, menneskene og faget» og Bård Wormdal si bok «Spionkrigen – det hemmelige spionsamarbeidet mellom Norge og USA».
Eit offentleg utval bør mellom anna sjå på desse forholda:
-
Dei folkerettslege rammene som etterretninga skal operera innanfor.
-
Dei etiske rammene for Etterretningstenesta.
-
I kva grad tenesta er under nasjonal kontroll. Etterretningstenesta er ein viktig premissleverandør for nasjonale politiske avgjerder. Utvalet bør derfor drøfta korleis den nasjonale kontrollen er ivaretatt, og om utanlandsk finansiering påverkar E-tenesta sine prioriteringar, til dømes i avveginga mellom globale stormaktsinteresser og nasjonale interesser.
-
Om finansieringa av E-tenesta skal følgja Stortinget sitt løyvingsreglement, som fastslår om statsbudsjettet at «budsjettet skal inneholde alle statlige utgifter og inntekter knyttet til virksomheter og tiltak som får sine utgifter og inntekter fastsatt ved Stortingets bevilgningsvedtak».
-
Kontrollmodellen med Stortinget sitt kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitsteneste (EOS-utvalet). Dei hemmelege tenestene har ifølgje utrekningar i Bergens Tidende 20. mars 2023 fem mrd. kroner i årlege budsjett og 3 300 tilsette. Utvalet som skal kontrollera dei, har ifølgje EOS-utvalet sin årsrapport 26 tilsette og knapt ein hundredel så mykje pengar. «Selve kontrollmodellen begynner å utfordres», sa Astri Aas-Hansen, leiar i Stortinget sitt EOS-utval, til Morgenbladet 9. juni 2023. EOS-utvalet skal, i tillegg til å kontrollera E-tenesta, også kontrollera Politiets sikkerheitsmyndigheit, Nasjonal sikkerheitsmyndigheit og Forsvarets sikkerheitsavdeling, Etteretningsbataljonen, Forsvarets spesialstyrkar og Sivil klareringsmyndigheit. Utvalet bør sjå nærmare på kontrollmodellen sett i lys av mellom anna den teknologiske utviklinga, tilrettelagt innhenting av informasjon/digitalt grenseforsvar, utviding av mandat og vekst i oppgåver. Utvalet bør også gå gjennom regelverket for EOS-utvalet, mellom anna når det gjeld graden av innsyn.
-
Stortinget sin funksjon. Utvalet bør vurdera korleis Stortinget kan involverast betre i viktige saker som gjeld E-tenesta.
-
Om Noreg har tilstrekkeleg kontroll med korleis innsamla data blir brukt. E-tenesta sitt elektroniske innsamlingsapparat handterer store mengder informasjon som Noreg ikkje har tilstrekkeleg kapasitet til å analysera sjølv. Det medfører at norsk e-teneste leverer ut etterretningsdata i sanntid til alliert e-teneste.
-
Samarbeidet mellom PST og E-tenesta, mellom anna i lys av 25. juni-utvalet sin rapport.
-
Korleis ein kan få større openheit om E-tenesta, i tråd med utviklinga i USA og Storbritannia.
-
Personvern. Personvernkommisjonen tilrådde i 2022 at det blir sett ned eit utval for å greia ut metodebruken i justissektoren. Dei tilrådde òg at eit slikt utval særleg bør vurdera personvernkonsekvensar av politiet sine metodar, sett opp mot formålsprinsippet og proporsjonalitetsprinsippet. Dette er relevant også for E-tenesta, og det er viktig både som eit tillitsbevarande tiltak og for å reisa ein open og demokratisk debatt om kor grensa mellom personvern og andre omsyn bør gå.
Det er naturleg at rapporten frå utvalet blir behandla på same måte som rapportane frå Forsvarskommisjonen og Totalberedskapskommisjonen, ved at han blitt utgitt som ein NOU med påfølgande høyring og stortingsbehandling.
Forslag
På denne bakgrunnen blir det fremma følgande
Stortinget ber regjeringa setta ned eit offentleg utval som ser på dei overordna politiske, organisatoriske og økonomiske rammene for norsk etterretningsteneste.
Ingrid Fiskaa |
Andreas Sjalg Unneland |
Audun Lysbakken |
Kirsti Bergstø |