Representantforslag om ein tiltakspakke for einslege mindreårige asylsøkjarar

Dette dokument

  • Representantforslag 39 S (2023–2024)
  • Fra: Kathy Lie, Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski, Grete Wold og Birgit Oline Kjerstad
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

For eitt år sidan avslørte NRK at nesten 500 barn som har kome til Noreg som einslege mindreårige asylsøkjarar, har forsvunne sidan 2015. Justisministeren lova å følgje opp slik at slike forsvinningar ikkje gjentek seg. Men fleire barn har forsvunne etter det.

Om lag kvart femte år kjem FNs barnekomité med ein rapport om korleis Noreg etterlever FNs barnekonvensjon. Både i 2005, 2010 og 2018 vart det peika på at barn sine behov ikkje blir tilfredsstillande varetekne ved norske asylmottak. I sitt høyringsinnspel til statsbudsjettet 2024 peika UNICEF Norge på at FNs barnekomité har uttrykt uro over at einslege mindreårige asylsøkjarar som forsvinn frå mottak har auka risiko for å bli utnytta ved trafficking og prostitusjon.

I NOU 2023:7 Trygg barndom, sikker fremtid – Gjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet, står det at allereie i 2008, i samband med at det vart vedteke eit eige kapittel i barnevernlova av 1992 om omsorgssenter for mindreårige asylsøkjarar under 15 år, sa den dåverande regjeringa at dei tok sikte på at ansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år skulle overførast til barnevernet så snart det var praktisk mogleg (Ot.prp. nr. 28 (2007–2008) og Innst. O. nr. 48 (2007–2008)). Dette har enno ikkje vorte gjennomført.

I ein gjennomgang av forsvinningssaker gjennomført av Fafo kjem det fram at minimum 139 unge menneske vart identifisert som moglege offer for menneskehandel mellom 2012 og 2015 (Tyldum, G. mfl. Ikke våre barn. Identifisering og oppfølging av mindreårige ofre for menneskehandel i Norge. Fafo-rapport 2015:45). Det blir peika på at einslege mindreårige asylsøkjarar som forsvinn frå asylmottak eller omsorgssenter er særleg sårbare og utsette for å bli utnytta. Den yngste som vart vurdert som mogleg offer var 12 år, medan gjennomsnittsalderen var 16 år. I ein rapport frå Kripos kjem det fram at politiet har lite informasjon om korleis gjerningspersonane utnyttar desse unge menneska. Våren 2023 slo statsforvaltaren alarm i samband med ein kontroll på eit asylmottak, og i tilsynsrapporten vart det konkludert med følgjande:

«Det er stor risiko for at barna kan oppleve overgrep, omsorgssvikt, alvorlige hendelser og forsvinning fra mottaket.»

Når eit barn født i Noreg forsvinn, set politiet inn alle ressursar på å finne det. Ifølgje NRK blir det knapt gjennomført noka etterforsking når eit barn som kjem til Noreg som asylsøkjar forsvinn. Hausten 2023 har ein lese om fleire av desse ungane. Det kan synast som om NRK som medieteam har lukkast i å framskaffe meir informasjon om ungane og forsvinningane enn det politiet har gjort over år. Dette er heilt uakseptabelt og det er openbert behov for betre omsorg rundt desse barna, betre tilsyn med dei som får ansvaret for barna, betre rutinar i politiet og betre kommunikasjon mellom mottak og politiet.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med forslag til lovendringar som sikrar at omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år blir overført til barnevernet.

  • 2. Stortinget ber regjeringa om å gje politiet ein tydeleg instruks om at forsvinning av einslege mindreårige asylsøkjarar skal etterforskast og takast på like stort alvor som forsvinning av norske barn.

  • 3. Stortinget ber regjeringa om å stille dei rette vilkåra og ressursane tilgjengeleg for at mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar har retningslinjer som førebyggjer forsvinningar, har tilstrekkeleg med barnefagleg kompetent personell og god omsorg.

15. november 2023

Kathy Lie

Lars Haltbrekken

Kari Elisabeth Kaski

Grete Wold

Birgit Oline Kjerstad