Bakgrunn
Den seinare tida
har det kome fram fleire alvorlege saker og varsel om seksuell trakassering
i Forsvaret, og om dårleg intern handtering av varsla.
Forsvaret fekk i
november 2022 overlevert ein rapport frå PwC med evaluering av systemet
for behandling og oppfølging av varslingssaker. Mange av tiltaka her
er truleg framleis relevante. Men det har til nå ikkje blitt sett
i gang ei meir systematisk undersøking av det grunnleggande problemet:
den underliggande ukulturen i Forsvaret.
Når det kjem fram
omfattande seksuell trakassering, overgrep og andre tilfelle av
uakseptabel oppførsel, er det klart at ein så viktig institusjon
som Forsvaret må gjennomgåast i sin heilskap.
Hendingane er alvorlege
både for offera og for Forsvaret som ein samfunnskritisk institusjon.
Ifølge ei meiningsmåling frå NRK svarer nå heile 41 prosent at dei
ikkje vil rå jenter til å ta førstegongsteneste. Det er ei dobling
frå fjorårets 21 prosent.
Ei gransking kan
avdekka kva som har skjedd i dei ulike sakene, korleis trakassering
av denne typen har vore mogleg, og kva slags kultur/ukultur som
ligg til grunn i dei ulike områda av Forsvaret. Ei gransking bør også
sjå på kva moglegheiter det er for å endra den underliggande ukulturen,
og koma med forslag til læringspunkt og tiltak. Granskinga må vera
uavhengig.