Representantforslag om ein lokaliseringspolitikk for statlege verksemder som sikrar utvikling av sterke og mangfaldige arbeidsmarknadsregionar rundt større byar på Sørlandet, Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg

Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Regjeringa Solberg etablerte i 2019 retningsliner for lokalisering av statlege arbeidsplassar som slo fast at nye og omlokaliserte statlege verksemder i hovudsak skal lokaliserast utanfor Oslo-området, for å sikre ei fordeling av statlege arbeidsplassar som medverkar til å utvikle sterke arbeidsmarknader i alle delar av landet.

Regjeringa Støre endra nyleg desse retningslinene slik at nye og omlokaliserte statlege verksemder no heller ikkje skal lokaliserast til andre større byar i andre landsdelar, som eksempelvis Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø eller Kristiansand. Så langt forslagsstillarane er kjende med, skjedde denne sidestillinga av Oslo og større byar i andre landsdelar utan ein føregåande prosess eller ei høyring som henta inn synspunkt og innspel frå dei byane og fylka i regionar utanfor Oslo-området dette rammar.

Det er svært stor skilnad på konsentrasjonen av statlege etatar og organ i hovudstaden og i dei andre byane utanfor det sentrale Østlandsområdet, som no blir sette i same kategori som Oslo når det gjeld lokalisering av nye og omlokaliserte statlege verksemder. Byar som Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø er viktige regionale motorarar for heile fylket/landsdelen dei ligg i. Dei er også naturlege lokaliseringsalternativ for større etableringar som det elles er vanskeleg å lokalisere andre stader enn i og rundt Oslo. Eit godt døme er etableringa av Konkurransetilsynet i Bergen under regjeringa Bondevik II i 2004. Ei slik etablering hadde ikkje vore mogleg med den nye politikken for lokalisering av statlege arbeidsplassar som regjeringa Støre no har innført utan føregåande debatt eller prosess.

For å oppnå ei meir balansert folketalsutvikling i Noreg i framtida mellom ulike landsdelar, er byar som Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø viktige som motorar for utvikling av heile landsdelen dei ligg i – i samspel med andre byar og regionar i landsdelen/fylket. Det er unødvendig og kontraproduktivt av regjeringa å skape splitting og splid mellom dei større byane utanfor Oslo-regionen og mindre og mellomstore byar og bu- og arbeidsmarknader i dei same landsdelane.

Å legge større nye statlege etableringar og omlokaliseringar til desse byane som alternativ til den store opphopinga av statlege etatar og organ i Oslo-regionen, kan i mange tilfelle vere ei tenleg løysing. Det er sjølvsagt viktig å sørge for at dei etableringane som kan leggast til mindre byar og tettstader blir lagde dit, slik som til dømes regjeringa Bondevik II gjorde med utflyttinga av Fredskorpset/Norec til Førde i Vestland i 2004. Samtidig må det visast større fleksibilitet når det gjeld jobbstad for den einskilde arbeidstakar i statlege etatar.

Forslagsstillarane meiner difor det er feil av regjeringa å sette større byar i regionane rundt om i Noreg i same kategori som Oslo når det gjeld i kva byar ein av prinsipp skal unngå å lokalisere nye statlege verksemder.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa i retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar om å fjerne sidestillinga av større byar på Sørlandet, på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg med Oslo i oversikta over kvar nye og omlokaliserte statlege verksemder ikkje skal plasserast.

  • 2. Stortinget ber regjeringa kome attende med ei heilskapleg vurdering av oppdaterte kriterium for lokalisering av statlege arbeidsplassar i den varsla stortingsmeldinga om distriktspolitikk.

15. mars 2023

Alfred Jens Bjørlo

André N. Skjelstad

Ane Breivik