Bakgrunn
Myanmar er eit av
Noregs utviklingspolitiske partnarland, og Noreg la i tiårsperioden
2011–2021 ned betydelege ressursar til næringsutvikling og statsbygging.
Då Utanriksdepartementet i januar 2021 la fram ein ny landstrategi,
vart demokratisering og fred definert som hovudmål for norsk innsats
i Myanmar. Men 1. februar 2021, dagen då den nyvalde nasjonalforsamlinga
skulle samla seg og setta ned ei ny regjering, gjennomførte militæret
eit statskupp og innsette forsvarssjefen som leiar for ein junta,
State Administration Council (SAC). Kuppet utløyste massiv folkeleg motstand.
Tusenvis tok til gatene i protest, arbeidarar og fagforeiningar
gjekk til sivil ulydnad, og folkevalde representantar etablerte
ein parlamentarikarkomité, eit nasjonalt forum for samråd med sivilsamfunnsorganisasjonar
og etniske minoritetar og ei nasjonal samlingsregjering. Sjølv om
militærregimet desse to åra har slått ned på opposisjon med ufatteleg
brutalitet, har etniske væpna grupper og folkelege rørsler lukkast
i å halda kontrollen over vesentlege delar av landet. Dag etter
dag, time etter time, har modige burmesarar stått opp mot det brutale
diktaturet.
Den breie og kraftfulle
motstandsrørsla har også utvikla seg til noko meir – ei rørsle som
ikkje berre vil tilbake til tida før kuppet, men som óg vil skapa
varig fred i det krigsherja landet og utvikla det politiske systemet til
eit reelt føderalt demokrati. Rørsla består av ei rekkje ulike grasrotorganisasjonar,
fagforbund og etniske minoritetar. Sentralt i rørsla står (i) National
Unity Consultative Council (NUCC), eit råd som representerer store delar
av grasrotorganisasjonane, inkludert fleire minoritetsorganisasjonar,
(ii) Committee Representing Pyidaungsu Hluttaw (CRPH), ein stor
del av den valde nasjonalforsamlinga av 2020, og (iii) National
Unity Government (NUG), ei folkevald sivil samlingsregjering utgått
av CRPH og NUCC.
Den gjeldande norske
landstrategien for Myanmar vart utvikla og lagd fram rett før kuppet
i 2021 fann stad. Situasjonen i landet har endra seg radikalt sidan
den gongen, og det er behov for ein oppdatert strategi som kan støtta
opp om den modige motstandsrørsla og visjonen om eit djupare demokrati
på ein effektiv måte.
Den 6. desember 2022
vedtok det amerikanske senatet «Burma Unified through Rigorous Military
Accountability Act of 2022» eller kort sagt «BURMA Act of 2022».
Lova legg til grunn at USA skal
-
støtta NUG, NUCC,
CRPH og den breie sivil ulydnadsrørsla sin innsats for å avskaffa
den militære juntaen sitt styresett
-
støtta opp om (i)
etableringa av ei sivil regjering der militæret er underlagt sivil
kontroll, (ii) endringar av grunnlova og (iii) politiske og økonomiske
reformer som sikrar rettane til minoritetsgrupper og støttar opp
om ein føderal stat
-
halda menneskerettsforbrytarar
ansvarlege, inkludert for brotsverk mot etniske og religiøse minoritetar
både før og etter kuppet i 2021
-
halda russiske og
kinesiske styresmakter ansvarlege for deira støtte til det burmesiske
militæret
-
gje humanitær støtte
til grupper som er utsette for overgrep av militærjuntaen og koordinera
den internasjonale innsatsen for ei effektiv hjelp til folk i Myanmar
og til folk som har måtta søkja tilflukt i nabolanda
-
sørga for frigjeringa
av urettmessig fengsla personar