Bakgrunn
Regjeringa har varsla
at ferjeprisane skal kuttast med 100 pst. til øysamfunn med mindre
enn 100 000 passasjerar i året, dette med bakgrunn i at desse øysamfunna
har svært store ulemper med dei høge ferjekostnadane for å kunne
ta del i det meste i samfunnet. Drifta av ferjene er svært dyr,
og kostnadane aukar år for år. Kostnadane i samband med krava om
elektrifisering og miljøtilpassing er døme på det som driv opp ferjetakstane,
som igjen fører til ekstreme kostnadar for øysamfunna langs norskekysten.
Ved å kutte ferjebilletten med 100 pst. for desse øysamfunna tek
staten på seg langsiktige kostnadar, som berre aukar år for år.
Likevel er dette god samfunnsnytte, då ferjebilletten i realiteten berre
er bompengar til evig tid.
Regjeringa Solberg
innførte ferjeavløysingsordninga for å kunne byggje fastlandsamband
til slike øysamfunn. Denne ferjeavløysingsordninga går ut på å garantere
dei årlege statlege løyvingane til eit ferjesamband i ein periode
på 45 år. Desse kostnadane vert indeksregulerte, og midlane skal
nyttast til bygging og finansiering av fastlandssamband. Denne ordninga
er vesentleg billigare for staten enn å dekkje ferjebilletten til
evig tid, dette med bakgrunn i at staten dekkjer både kostnadane
med ferjedrifta, som er lik ferjeavløysingsordninga, og i tillegg
også ferjebillettane og dermed driftskostnadane til ferjeselskapa.
Nordøyvegen er det
einaste ferjeavløysingsprosjekt som vert opna midt under innføringa
av 100 pst. dekking av ferjebilletten til andre liknande øysamfunn. Nordøyvegen
er bygd av Møre og Romsdal fylkeskommune og går til øysamfunna Nordøyane
i nye Ålesund kommune. Prosjektet har lagt inn bompengar som er rekna
til 600 mill. kroner, som i utgangspunktet skulle vekte ferjebilletten.
Eit samla øysamfunn, inkludert næringslivet, har skrive under på
at dei ynskjer å betale «ferjebilletten» i form av bompengar i inntil
20 år. Bompengebeløpet har av fleirtalet i fylkeskommunen vorte auka
utover dette, som dermed ikkje er i tråd med «kontrakten» med befolkninga
og næringslivet. No søkjer Møre og Romsdal fylkeskommune rettvist
om at bompengane vert kutta minst lik ferjebilletten i dette prosjektet,
slik som det no vert gjort for andre øysamfunn i landet. Det skulle
berre mangle også med tanke på at dette ferjeavløysingsprosjektet
sparer staten og fylkeskommunen for millionar av kroner i året samanlikna med
fortsatt ferjedrift til evig tid.
At regjeringa har
avslått søknaden frå Møre og Romsdal fylkeskommune, er heilt uforståeleg
for dei fleste. Kvifor dette øysamfunnet skal straffast med bakgrunn
i at dei faktisk gjer samfunnet betre, er ikkje lett å forstå. Heile
idéen bak ferjeavløysingsordninga er at staten bidreg inn det han
skulle bruke på ferjedrifta til det nye vegsambandet. For Nordøyvegen
sin del er dette sett til 60,5 mill. kroner i inntil 42 år. Denne
summen vert rekna frå ferjetakstane for 2020. Etter dette er takstane
sett ned med 30 pst., der staten også tek heile prisavslaget for
alle andre ferjesamband. I dag er det to ferjesamband til Nordøyane.
Med gratis ferjer ville staten sine utgifter til ferjedrifta ha
stige kraftig.
Når vegen blir opna,
blir altså staten sin gevinst ved å leggje ned ferjene langt høgare
enn 60 mill. kroner årleg. På leiarplass 12. april 2022 hadde Sunnmørsposten ein
treffande metafor som viser kor absurd og urettvis denne saka er:
«Om dette var kjøp
av ei vaskemaskin dagen før den kom på sal, kunne ein kalle det
uflaks. Dette er ikkje uflaks. Her kunne ’seljaren’ ha justert ’prisen’
i etterkant. Utbetalingane har ikkje starta, og sambandet er ikkje opna.»
Dette er politisk uvilje. Her
kunne regjeringa sørgt for at staten justerte utbetalinga, for ho
har ikkje starta, og sambandet er ikkje opna. Nordøyvegen er det
einaste sambandet som står i denne skvisen. Øysamfunn som kjem etter
dette, vil få ei betre finansiering og lågare bompengekostnadar.
Likebehandling ville vore både rettvist, og logisk - rettvist fordi
det er kystsamfunn som står i akkurat den same situasjonen og har
dei same utfordringane, logisk fordi staten sine reelle kostnadar med
ferjedrifta som blir lagde til grunn i ferjeavløysingsordninga,
ikkje er teoretiske tal. Ein snakkar ikkje her om eit lotteri der
nokon skal ha ein trøystepremie og andre tar toppgevinsten. Dette
er bruk av skattepengar for å fjerne konkurranseulemper som bremsar
utviklinga i kystsamfunn.