Nye
metodar
Ein får stadig betre
metodar for å kunne overvake, vurdere og kategorisere rasutsette
område. Dette er eit viktig arbeid, og det bør leggast ytterlegare
ressursar i utviklinga av dette arbeidet.
Tiltaka for å sikre
liv, helse og materielle verdiar har ulike nivå – alt frå overvaking
til store, inngripande fysiske tiltak som rasoverbygg, tunellar
eller omlegging av infrastruktur.
Vidare bør ein vurdere
nye løysingar og ny teknologi, der ein også legg til grunn bruk
av ny teknologi innan monitorering og overvaking. Det er grunn til
å tru at ein gjennom slike program kan gjere arbeidet meir rasjonelt,
men ikkje minst få iverksett tiltak mykje tidlegare enn gjennom
konvensjonelle metodar.
Det er difor også
trong for å sjå på alternative metodar for å sikre og overvake rasutsette
område.
Det er dessutan behov
for å sjå nærare på om det er alternative måtar å løyse dei store
utfordringane på, og forslagsstillarane meiner det vil vere føremålstenleg
å auke innovasjonstakten på området. Teknologi innan overvaking
og sensorteknologi kan med fordel utviklast og nyttast – anten som
mellombels løysingar til endelege og større tiltak vert sette i
verk, eller som permanente løysingar dersom dette er tilfredsstillande.
Ein finn i dag mange
alternative måtar å sikre skred på, også gjennom overvaking, varsling
og førebygging. Investeringar i skredkontrollanlegg er forholdsvis
låge, i tillegg kjem det årlege driftskostnader for overvaking og tiltak
mellom anna i form av kontrollert sprenging av skavlar og rasutsett
terreng.
Skredkontrollanlegg har vist
seg å kunne gje høg tryggleik for ei låg investering, fleire vegar
kan sikrast raskare, kostnadskrevjande tiltak kan prioriterast der det
ikkje er andre alternativ, og slike anlegg fører til små naturinngrep
og lite utslepp. Samstundes gjev dei eit godt grunnlag for vidare
vurderingar.