Bakgrunn
I dag sit Forsvaret
si øvste leiing integrert med departementet. Ordninga er ein del
av doktrinen integrert strategisk leiing (ISL). Ansvarsdelinga innan
ISL-modellen inneber at Forsvarsdepartementet representerer Forsvaret
si politiske leiing og er overordna ansvarleg for strategisk leiing
og styring av Forsvaret. Forsvarsstaben er ansvarleg for å utøve
oppdrag frå departementet og fylgje opp avgjerder på forsvarssjefen (FSJ)
sine vegner. FSJ har i ISL-modellen to parallelle funksjonar. FSJ
er øvste fagmilitære rådgjevar og etatssjef for Forsvaret. Denne
strukturen kan medføre både fordelar og ulemper, noko som forslagsstillarane ynskjer
å få greidd ut i ei offentleg evaluering.
ISL vart innført
gjennom Stortingets handsaming av St.prp. nr. 45 (2000–2001), jf.
Innst. S. nr. 342 (2000–2001) frå forsvarskomiteen, der det vart
vedteke å innføre integrert strategisk leiing (ISL) for Forsvaret.
Med dette la ein ned Forsvarets overkommando og flytta forsvarssjefen
til departementet:
«Regjeringen mener
at ledelsen av Forsvaret på strategisk nivå må styrkes. For å oppnå
en størst mulig forbedring, anser Regjeringen det nødvendig med
en betydelig omorganisering av hele Forsvarets ledelse på strategisk
nivå, det vil si Forsvarsdepartementet og Forsvarets overkommando.
Det anbefales derfor at Forsvarets overkommando legges ned, mens
forsvarssjefen inntar rollen som både øverste militære rådgiver
i et sivil-militært integrert departement og synlig sjef for Forsvarets
militære organisasjon. Det utvidede forsvarsdepartement skal håndtere
helheten av ledelsen av Forsvaret på strategisk nivå.»
I Innst. 388 S (2011–2012),
jf. Prop. 73 S (2011–2012), vart det utarbeidd følgjande merknad
frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti om ISL:
«… Flertallet merker
seg at det til tross for løpende justeringer av ordningen siden
2004 ikke er gjennomført noen systematisk eller ekstern evaluering
av modellen, selv om betydelige endringer i modellen sammenlignet
med forutsetningene for det opprinnelige vedtaket, som utflyttingen
av generalinspektørene, også er gjennomført. Flertallet anser at
modellen i dag ikke fungerer på en tilstrekkelig god måte. Dette
gjelder både utformingen og praktiseringen av modellen, og handler om
viktige spørsmål som styringskultur, Forsvarssjefens faglige uavhengighet,
ansvar, fullmakter og handlingsrom som etatssjef, samt en ugjennomsiktig
og lite etterprøvbar ansvars- og rollefordeling.»
Høgre, ved dåverande
stortingsrepresentant Ine M. Eriksen Søreide, lova 13. mai 2013
ei gransking av ISL føresett at dei kom i regjering. Formuleringa
stod òg i Sundvollen-plattforma, der det vart konstatert at regjeringa
ville
«evaluere dagens
ordning med integrert strategisk ledelse i sektoren med tanke på
reform og forbedring, og at Forsvarssjefens rolle som etatssjef
skulle styrkes.»
Trass i Høgre sine
uttalar og Sundvolden-erklæringa har dette aldri vorte følgt opp
av regjeringa, og punktet er ikkje teke med vidare verken i Jeløya-
eller Granavolden-plattforma. Ei evaluering av leiingsmodellen er
likevel ikkje mindre aktuelt i dag, i eit tid med store endringar
i det sikkerheitspolitiske biletet som set enda større krav til
leiinga i Forsvaret.
Også i lys av auka
løyvingar til Forsvaret meiner forslagsstillarane at det er fornuftig
å sjå på det heilskaplege biletet rundt leiinga i Forsvaret. Evalueringa
bør omfatte kva effekt flytting av driftseiningsleiarane i Forsvaret
har hatt, kva påverknad det har hatt på frigjorde midlar til reell
kampkraft, og om det kan gjerast grep for ytterlegare å frigjere
midlar. Vidare bør evalueringa sjå på forsvarssjefen si handlekraft,
korleis samlokalisering av forsvarssjefen med departementet har
ført til effektivisering, og korleis dette har påverka forsvarssjefen
si rolle som uavhengig fagmilitær rådgjevar og etatssjef.