Bakgrunn
Ekspressbussar og
flybussar er eit marknadsbasert kollektivtilbod utan offentlege
tilskot. Bussane køyrer over lengre strekningar og bind regionar
og byar saman, enten som einaste fylkeskryssande tilbod i distriktet eller
som eit viktig supplement til toget. Dette fleksible og kostnadseffektive
busstilbodet vert i praksis finansiert gjennom billettinntekter
frå dei reisande. Når det gjeld tog, subsidierer staten kvar passasjerkilometer med
om lag 2,50 kroner.
Utviklinga i den
kommersielle bussmarknaden har vore negativ dei seinare åra. I 2007
var talet på ekspressbussreisande om lag ti millionar, medan ein
i 2016 var komen ned på seks millionar. Årsaka til dette er sterk konkurranse
som har medført færre ruter og dyrare billettar. Forslagsstillarane
meiner det er på tide med ein aktiv tilretteleggingspolitikk for
det kommersielle busstilbodet.
Tog og fylkeskommunalt
busstilbod får mellom anna kompensert for dei sosiale rabattane
som vert gjevne til mellom anna pensjonistar, uføre, born og skuleelevar.
Dette må dei kommersielle koste sjølv, noko som gjev ulike konkurransevilkår.
I tillegg vert kostnaden for å få tilgang til viktige kollektivknutepunkt
oppfatta som høg.
Under regjeringa
Solberg har meirverdiavgifta på kollektivtransport auka frå 8 til
12 prosent. Dette er òg med på å svekkje konkurranseevna til kollektivtransporten.
Drivstoffprisane
har òg auka dei seinare åra som følgje av mellom anna auka vegbruksavgift
for diesel. Diesel er for mange av ekspressbussane det einaste reelle
drivstoffet med dagens teknologi. Forslagsstillarane syner òg til
at verken togtransporten eller sjøtransporten betalar vegbruksavgift
for diesel, noko som også gjev ulike vilkår.