Bakgrunn
Det finst to tusen
nedlagde avfallsdeponi i Noreg. Mange av dei ligg i nærleiken av
tettbygde strok. Over 1 600 av deponia har forureiningsgrad gul
eller raud. No åtvarar ekspertar mot å ignorere problema som kan oppstå:
setningsskadar på bygg, infrastruktur og ute-opphaldsareal, forureina
grunn og vatn og eksplosiv deponigass.
Det finst i dag ikkje
offisielle nasjonale tal på kor mange som bur på eller ved nedlagde
deponi. Ifølgje Miljødirektoratet har ikkje nasjonale styresmakter oversikt
over kor mange som bur i nærleiken av nedlagde søppeldeponi eller
annan type forureina grunn. NRK har ved å kople kart frå Miljødirektoratet
med tal frå Statistisk sentralbyrå kome fram til at meir enn 185 000 personar,
fordelt på over 90 000 bustader, bur på eller ved eit nedlagt deponi.
Korleis denne oversikta
og desse tala skal tolkast, kjem an på kor nær bustadene ligg avfallsdeponia,
kor store deponia er og kva avfall som er deponert der. Ofte kjem
det også fram at deponigrensene er unøyaktige eller ukjente.
Forslagsstillarane
viser til at det har vore ei rekke ulykker med deponigass dei siste
tiåra i Noreg. I 1970 omkom to vegarbeidarar på Sluppen i Trondheim
då dei blei kvelte av deponigass i ein kum. I 1987 eksploderte deponigass
i eit arkivrom hos Sluppen Autoservice i Trondheim. Ein mann var
nær ved å miste livet. I 1992 blei ein tilsett ved Isi avfallsanlegg
i Bærum brannskada då bygget han var i, eksploderte. I 1993 blei
ein ti år gamal gut brannskada på Rommensletta i Oslo då han leika
med fyrstikker ved ein kum som var full av deponigass. I 2005 blei
det funne eksplosive nivå av deponigass i næringsbygg ved Lade-fyllinga
i Trondheim, og dei tilsette blei evakuerte. I 2016 byrja ein bustad
i Skedsmo å brenne då gass frå det gamle deponiet tok fyr inne i
veggen.
Nedlagde deponi kan
produsere gass i opptil 100 år. I Danmark vart det på 1990-talet
gjennomført ein omfattande studie av deponi og risiko etter at to
personar døydde då bustaden deira, som låg ved ei gammal fylling,
eksploderte. Studien viste til at deponigass kan bevege seg opptil
500 meter bortover under bakken. NRK si undersøking inkluderer bustader
som ligg opptil 350 meter frå eit deponi.
Forslagsstillarane
viser til at Noreg har dårleg oversikt over forureina grunn, samanlikna
med våre naboland. Sverige har registert 85 000 forureina stader,
Danmark 30 000, medan talet i Noreg er 5 600. Det er truleg store
mørketal i Noreg. Sjølv for dei registrerte fyllingane er det svært
lite informasjon om kva type avfall som er kasta.
Forslagsstillarane
viser til at Folkehelseinstituttet har vurdert helserisikoen ved
å bygge nær eller på gamle avfallsdeponi. Folkehelseinstituttet
vurderer no å endre sine generelle nasjonale helseråd angåande avfallsdeponi
på bakgrunn av hendingane i Skedsmo. Blant anna skal det undersøkast
om den kreftframkallande gassen benzen finst i bustader der. Det
er også påvist unormalt høge nivå av metan og karbondioksid i 21
bustader. Forslagsstillarane viser til at forskrift om begrensning
av forurensning (forurensningsforskriften) og Miljødirektoratets
veileder «Helsebaserte tilstandsklasser for forurenset grunn», og
Byggteknisk forskrift, TEK 10, er eksisterande aktuelle regelverk,
men som etter forslagsstillarane sitt syn ikkje gir tilstrekkelege
råd og kunnskap om helsefarane ved bygging på gamle avfallsdeponi.
Ifølgje folkehelseloven
har kommunar og fylkeskommunar ei lovfesta plikt til å setje i verk
tiltak og samordne si verksemd i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte.
Lova skal legge til rette for langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.
Formålet er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse
og utjamnar sosiale helseskilnader. Folkehelsearbeidet skal fremme
befolkningas helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold
og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skadar og
lidingar. Ifølgje lovas § 9 har kommunar plikt til å føre tilsyn
med dei faktorane og forholda i miljøet som til ei kvar tid direkte
eller indirekte kan ha innverknad på helsa.
Forslagsstillarane
viser til at det er ulik praksis i kommunar med omsyn til det å
tillate bygging på gamle avfallsdeponi, og det er usikkerheit om
faktagrunnlaget. I Sandnes er planane om 1 000 bustader på den gamle søppelplassen
på Varatun sette på vent fordi ein ny rapport konkluderte med at
det er fare for liv og helse dersom det blir bygd bustader der.
Nabokommunen Stavanger har vedtatt forbod mot bustadbygging på søppeldeponi,
på grunn av risiko knytt til deponigass, miljøgifter og ustabile
grunnforhold.