Representantforslag om utsett slokking av FM-nettet

Dette dokument

  • Representantforslag 10 S (2016–2017)
  • Dato: 13.10.2016
  • Fra: Janne Sjelmo Nordås, Jenny Klinge, Anne Tingelstad Wøien og Heidi Greni
  • Sidetall: 1

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Mange opplever at dekninga på DAB-radio ikkje tilsvarar dekninga på FM-nettet i dei områder der DAB skal vere ferdig utbygd.

Radio er framleis eit viktig medium som utover underhaldningsverdi også har ein beredskapsfunksjon som andre medium ikkje dekkar tilfredsstillande. I krig og krisesituasjonar vil radionettet kunne vere ein kommunikasjonskanal som er avgjerande for at befolkninga over heile landet vert sikra informasjon frå myndigheitane. Også i dagleglivet har radio ei viktig rolle, spesielt som vidareformidlar av sanntids trafikkinformasjon.

Ved vedtak om innføring av DAB-teknologien 19. mai 2011 (Innst. 329 S (2010–2011)) sette Stortinget som føresetnad at denne skulle ha tilsvarande dekning som FM-nettet før FM-nettet vert fasa ut. Blant anna vart fylgjande sett som føresetnad:

«NRKs radiotilbud får en digital dekning som svarer til dagens P1-dekning i FM-nettet. – Den kommersielle delen av DAB-nettet må bygges ut til minst 90 prosent befolkningsdekning.»

Vidare peika familie- og kulturkomiteen (Stortinget) på:

«Komiteen er enig i at det skal være krav til beredskap. Det må tas hensyn til demokratisk deltakelse og at begrepet «digital merverdi» må forstås slik at hele folket må ha tilgang på digitale radiotilbud.»

Når mange no opplever at dekninga ikkje er tilfredsstillande, kan ein ikkje hevde at det digitale radiotilbodet representerer ein meirverdi for lyttarane, og såleis er ikkje Stortinget sitt krav overhalde.

Forslag

På denne bakgrunn legg forslagsstillarane fram fylgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa utsetje slokking av FM-nettet til det er dokumentert at DAB-teknologien har lik dekning geografisk og kvalitetsmessig som FM-nettet slik Stortinget har fastsett i Innst. 329 S (2010–2011).

13. oktober 2016

Janne Sjelmo Nordås

Jenny Klinge

Anne Tingelstad Wøien

Heidi Greni